(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til utvikling av datalagringssentre og betre fiberstamnett i Hordaland

Formål

Hordaland fylkeskommune har sett av inntil to millionar kroner øyremerkt til prosjekt og tiltak knytt til utvikling av datalagringssentre og eit betre fiberstamnett i Hordaland. God fiberinfrastruktur mot utlandet og eit godt stamnett er viktig for etablering av databasert næringsliv. Denne bransjen er i tillegg svært kraftkrevjande og representer ein stor og viktig marknad for energiselskapa i fylket vårt. Tilskotsordninga har som formål å:

 

  1. Definera og skissera løysningar for etablering av fiberkablar mellom Vestlandet og utlandet

  2. Skapa dialog og fokus om vidareutvikling av fiberstamnettet i Hordaland og på Vestlandet

  3. Definera og utvikla kommunar som er eigna for etablering av kraftkrevjande datasentre

Kven kan søkje

Alle offentlige og private aktørar og organisasjonar som ønskjer å sette i verk prosjekt og tiltak knytt til utvikling av datalagringssentre og betre fiberstamnett i og inn til Hordaland.

 

Søknadsfrist

Søknadane vert vurdert fortløpande.

 

Kva kan støttast

Informasjonsmengda i form av digitalisert tekst, bilete og film som vert produsert og som skal flyttast over internett, er i formidabel vekst. Denne utviklinga har skapt eit stort behov for sentre for datalagring, og den globale datasenterindustrien er den raskast veksande industrien i verda. Datagigantane ser stadig etter nye stader som er eigna for datalagring.

 

Tilskotsmidlane skal leggja til rette for at Bergensregionen, Hordaland og Vestlandet kan ta ein sentral posisjon i

  • satsinga på fleire fiberkablar til utlandet,

  • styrkinga av det nasjonale fibernettet og

  • infrastruktur knytt til databaserte næringsverksemder

Dette vil skapa vilkår for ny vekst basert på digitalisering og datasenteretableringar. Styrka fiberinfrastruktur kan gi vilkår for ein ny grøn datasenterindustri med mange nye arbeidsplassar, samstundes som det vil bli lagt til rette for innovasjon og vekst i omliggande verksemder. For å lukkast med dette arbeidet trengs det eit sterkt regionalt engasjement både frå private og offentlege aktørar.

 

Tilskotet skal nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til vidareutvikling av fiberstamnettet i Hordaland og på Vestlandet, samt kartlegging av kommunar som er eigna for etablering av kraftkrevjande datasentre.

 

Støttenivå

Normalt inntil 35 % av godkjente prosjektkostnader. I særskilte tilfelle kan det vere aktuelt med eit høgare støttenivå basert på ein konkret vurdering av den aktuelle søknaden.

Krav til søknaden

Tiltak/prosjekt som er klare for oppstart i 2017 vil bli prioritert. Søknad skal utfyllast med informasjon om prosjektet, kven som står bak og korleis det vert finansiert slik det går fram av det elektroniske søknadsskjemaet.

 

Kontaktpersonar

For ytterlegare informasjon, kontakt Næringsseksjonen ved:

 

 

Søknadsskjema

Søknadar skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no

Bruk støtteordning "Tilskot til utvikling av datalagringssentre og betre fiberstamnett i Hordaland".

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen