(Du er ikke pålogget) 
 

Støtte til utviklingsprosjekt - Hydrogen Region Sogn og Fjordane

 

Utlysing av midlar til utviklingsprosjekt innan hydrogen

 

Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har tildelt ei gåve til fylkeskommunen som skal gå til utviklingsprosjekt innanfor hydrogen.
Fylkeskommunen har difor oppretta ei støtteordning som gjer at nettverk av private og offentlege aktørar no kan søkje midlar til verdikjedeutvikling.
Nokre av søkjarane vil kunne vere omfatta av regelverket om offentleg støtte i EØS-avtalen.
 
For å sikre at tilskota i alle høve er i samsvar med EØS-avtalen, vil midlane verte tildelt som såkalla bagatellmessig støtte. 
Støtte gjeve som bagatellmessig støtte, vil ikkje reknast som støtte i EØS-avtalen si tyding, og vil difor lovleg kunne verte tildelt søkjarane.

 

Bakgrunn for ordninga – prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane

 

Ein forventar eit kraftoverskot i Noreg i åra framover, og energimarknaden er i rask endring,

mellom anna på grunn av teknologiutvikling, meir desentralisert produksjon, press på

infrastruktur og distribusjonsleddet samt nye behov hos sluttbrukar. Denne utviklinga gjer til

at norske myndigheiter no vil satse på meir lokal utnytting av dei fornybare kraftressursane,

mellom anna gjennom av karbonisering av land - og sjøtransport. I Energimeldinga (Meld. St. 25,

2015 - 2016: Kraft til endring – energipolitikken mot 2030) seier regjeringa at auka bruk av

batteri - , hydrogen - og brenselcelleteknologi på ulike bruksområde vil bidra både til

utsleppsreduksjon og næringsutvikling for aktørane i dei aktuelle verdikjedene.

 

Grunnstoffet hydrogen finst det mykje av i naturen, til dømes i vatn. Framstilling av hydrogen

kan mellom anna skje i ein elektrolyseprosess, der ein spaltar vatn ved hjelp av elektrisitet. Sogn

og Fjordane er rikt på fornybare energikjelder som vasskraft , vindkraft, biomasse og bølgjekraft.

Produksjon av hydrogen i fylket kan difor skje med utgangspunkt i fornybare energikjelder, utan

utslepp av klimagassar.

 

Hydrogen kan nyttast som drivstoff til brenselceller, som igjen produserer elektrisitet ved å

om danne hydrogen og oksygen til vatn i ein elektrokjemisk prosess. Med denne teknologien kan

hydrogen verte brukt som drivstoff i motorar med null utslepp av klimagassar. Etterspurnaden

etter hydrogen som energiberar vil difor truleg auke i åra framover, då det kan redusere behovet

for fossil energi. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei

etterspurt eksportvare i åra som kjem.

 

Fylkespolitikarane har sagt at hydrogen skal vere eit satsingsområde for Sogn og Fjordane,

mellom anna som ein del av industristrategien for verdiskapingsplanen 2015 - 2025, og likeeins

gjennom handlingsprogrammet for klima og miljø 2016 - 2017. Hovudutvalet for Næring og Kultur

har vedteke eit prosjekt som skal stimulere til auka bruk av hydrogen - løysingar, samt til

produksjon og effektiv distribusjon av hydrogen. Det vart mellom anna synt til at arbeidet med

hydrogen så langt har fått god mottaking i næringslivet, og mange har forventningar til ei satsing

framover (sak 16/570 - 1).

 

Med utgangspunkt i denne utviklinga og mulegheitene for regionalt næringsliv har Sogn og

Fjordane fylkeskommune sett i gong eit prosjekt for å etablere fylket som ein sterk region

innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering hydrogenteknologi .

 

Prosjektet varer frå 2016 - 2018 og har fem hovudaktivitetar:

1) Bidra til utviklingsprosjekt i næringslivet

2) Samarbeide med kommunane om areal - og transportplanlegging

3) Utvikle og styrke kompetanse og kunnskap i fylket knytt til hydrogen

4) Samarbeide med dei andre fylka på Vestlandet om strategiske interesser knytt til hydrogen

5) Delta i relevante nettverk, partnarskap og møteplassar regionalt , nasjonalt og internasjonalt

 

 

Kva midlane skal gå til

 

Midlane som vert lyst ut skal gå til forprosjekt som bidreg til å drive fram utviklinga av

hydrogenbaserte verdikjeder i regionen. Kvart prosjekt/søkar kan motta inntil 400 000 NOK.

Element som kan inngå i ei slik verdikjede er hydrogen produksjon basert på fornybar energi ,

infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon samt eit sluttbrukarledd eller ein potensiell

marknad innanfor fleire bruksområde. Andre ledd som inngår i hydrogenbaserte verdikjeder er

mellom anna avklaring og oppfølging av regelverk, sikkerheitstiltak samt design, bygging og

testing av brenselcelle - og hydrogenteknologi for ulike bruksområde.

 

Det er lagt vekt på å koordinere søknadsordninga med Innovasjon Nor eg sine verkemiddel, og

reine bedriftsretta prosjekt vert råda til å kontakte regionkontoret ved Rune Henjesand

(rune.henjesand@innovasjonorge.no).

 

Krav til søknad

 

Prosjekt som kan vise til eitt eller fleire av følgande kriterier vert prioritert:

 

·         Eit nettverk av bedrifter og andre aktørar som bidreg i prosjektet

·         Utvikling og deling av kunnskap i nettverket samt vilje til å formidle den opent

·         Overføringsverdi til det regionale arbeidet (Hydrogen Region Sogn og Fjordane)

·         Fokus på utdanning og kompetansebygging i næringslivet

·         Involvering av ein eller fleire kommunar i prosjektet

 

Følgande kriterier må vere oppfylt av alle som søkjer:

 

·         Midlane skal ha utløysande effekt på tiltaket

·         50% av prosjektbudsjettet må kome frå eigen finansiering

·         Det må føreligge aktivitetsplan, spesifisert budsjett og finansieringsplan

 

Eigen finansiering kan vere eigen arbeidsinnsats, då vert det lagt til grunn 600 NOK i timesats. Tiltak som er ein naturleg del av drifta, samt vedlikehald eller investering i utstyr vert ikkje støtta.

 

Søkar må nytte skjema på www.regionalforvaltning.no for å sende inn søknad.

 

Søknadsfristen er løpande, og ordninga varer til 31.desember 2017.

 

Bagatellmessig støtte

 

Midlane vert tildelt som såkalla bagatellmessig støtte, som er eit unntak frå det generelle forbodet

mot offentleg støtte i EØS - avtalen. Det rettslege grunnlaget for tildeling av bagatellmessig støtte

er gjeve i føresegn av 14. november 2008 nr. 1213 om gjennomføring av EØS - reglar om unntak

frå notifikasjonsplikt for enkelte former for offentleg støtte.

 

For å kunne motta bagatellmessig støtte, er det eit krav at støttemottakar ikkje har motteke meir

enn 200 000 euro over ei periode på tre rekneskaps år (eller 100 000 euro i veg transportsektoren).

 

For å kunne ta stilling til om vilkåra for slik tildeling er oppfylt, treng Sogn og Fjordane

fylkeskommune difor ei skriftleg tilbakemelding på om søkar har motteke annan bagatellmessig

støtte i inneverande og de to føregåande rekneskapsåra . Dersom det er motteke annan

bagatellmessig støtte i denne perioden, må søkar opplyse om kor mykje som er motteke. Sogn og

Fjordane fylkeskommune ber òg om at det vert opplyst om eventuell annan offentleg støtte som

er motteke til det aktuelle prosjektet.

 

Kommunar og andre einingar som ikkje er å rekne som føretak i EØS-avtalens si tyding, treng ikkje gje slike opplysningar. Slike einingar er ikkje omfatta av regelverket om offentleg støtte.

 

Søkar må oppgje følgande opplysningar dersom ein har motteke annan bagatellmessig støtte:

 

·         Støttegjevar

·         Støtteordning

·         Støttebeløp

·         Dato for fråsegn om støtte

 

Kontaktpersonar

 

Elisabet Kjerstad Bøe

Prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tlf: 91591548

Epost: Elisabet. Kjerstad. Boe@sfj.no

 

Jan Heggheim

Fylkesdirektør for næring og kultur

Sogn og Fjordane fylkeskommune

T lf: 57 65 6230 / 905 66 623

E post: jan.heggheim@sfj.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen