(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til nyskapande integreringsarbeid 2017

Tilskot til nyskapande integreringsarbeid  2017

 

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer no kommunane til å søkje prosjektmidlar.

 

Formål: Få prøvd ut nye arbeidsmetodar, verktøy og samarbeidsmodellar som kan bidra til betre integrering av innvandrarar i arbeidsliv og lokalsamfunn.

 

Vilkår:

 

- Prosjekta må ha forankring i kommunen sitt planverk, og vere stadfesta av politisk eller administrativ leiing i kommunen.

 

- Det må gå tydeleg fram i søknaden korleis resultat og erfaringar frå prosjektet skal brukast i eigen organisasjon og hos samarbeidsaktørar etter prosjektperioden.

 

- Målgruppe for tiltaket kan vere både arbeidsinnvandrarar, familiegjenforente og flyktningar, men tiltak som fell innanfor statlege støtteordningar (til dømes hos IMDI) vil ikkje bli vurdert.

 

- Tiltak som blir prøvd ut må kunne gjentakast, og ha varig drift som mål.

 

-Prosjektet må ha konkrete og målbare mål.

 

Tema: Ordninga vil særleg prioritere tiltak som skal:

 

  • Utvikle nye formar for språk- og fagopplæring

  • Auke innvandrarar si deltaking i arbeidslivet

  • Lette overgang mellom ulike nivå i utdanningsløpet eller over i arbeid

     

     

Kven kan søke:  Kommunar og andre offentlege aktørar kan søke. Prosjekt som inneber samarbeid mellom fleire aktørar vil bli prioritert.

 

Frist: 1. april 2017

 

Prosjekt kan støttast med tilskot på inntil 50 % av totalkostnad. Det er sett av 2 mill kronar til denne ordninga.

Kontaktperson:

Kristin Vestly, kristin.vestly@mrfylke.no, tfl 71 28 03 46/91889530

Eivind Vartdal Ryste, eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no, tlf: 71 28 02 16 | 909 92 406


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen