(Du er ikke pålogget) 
 

Prosjektstøtte til klimatiltak 2018

Vi lyser ut inntil 1 mill.kroner i prosjektmidlar til klimatiltak. 

Formål

Prosjektstøtte til klimatiltak i 2018 har som formål å bidra til raskare overgang til eit lågutsleppssamfunn.

 

Kva kan få støtte?

Det kan søkast støtte til desse to ordningane: Miljøleiing i kommunar og Nettverksbygging og klimavenleg areal- og transportplanlegging

 

Miljøleiing i kommunar

Prosjekt kan få støtte til å styrke kommunane sin kompetanse på miljøleiing og stimulere til å ta i bruk miljøsertifisering av offentlege verksemder.

  • Kommunen vel sjølv miljøleiingssystemet som skal nyttast

  • Miljøleiing skal være forankra i kommunen gjennom eige vedtak om igangsetting

  • Dersom ein kommune vel miljøleiingssystemet Miljøfyrtårn, må dei velje hovudkontormodellen der rådhus og ei underliggande eining blir sertifiserte

  • Kommunen må ha miljøansvarleg(e) som skal halde miljøarbeidet i hevd, og være verksemdas ressursperson på miljø

  • Frist for rapportering er 1 år frå tilsegn om støtte

For denne ordninga har vi ei samla tilskotsramme på 300 000 kroner, og det kan gis støtte på inntil 60 000 kroner per kommune. 

Nettverksbygging og klimavenleg areal- og transportplanlegging

Prosjekt kan få støtte til å bygge nettverk for å auke kompetansen og styrke samarbeidet mellom aktørar som arbeider med klimavenlege løysingar, og til klimavenleg areal- og transportplanlegging. Søkar må synleggjere overføringsverdi, og talfeste utsleppsreduksjon og kostnadseffektivitet så langt det er mogleg.


Kven kan søke?

 

  • Kommunar

  • Interkommunale selskap (IKS)

  • Samanslutning av bedrifter

  • Frivillige organisasjonar

 

Generelle vilkår

 

  • Prosjekta skal vere forankra i Regional delplan for klima og energi eller Handlingsprogram for klima og energi 2018

  • Midlane skal vere utløysande for at tiltaket blir gjennomført

  • Prosjekt kan støttast med inntil 50 prosent av totale kostnader.

  • Tiltaka må ikkje falle inn under statlege ordningar som til dømes Enova. Unntaket er ordninga Klimasats.

 

Krav til søknaden

 

Søknaden må innehalde

  • Prosjektskisse som beskriv kva ein ønskjer å oppnå gjennom prosjektet (effektmål), og kva prosjektet skal levere (resultatmål)

  • Forankring i planverk

  • Kven som har ansvaret for planlegging, økonomi og gjennomføring av prosjektet

  • Budsjett og finansieringsplan. Vi godkjenner eigeninnsats på inntil 600 kroner per time.

 

Søknadsfrist

15.mai 2018

 

 

Kontaktperson: Stephen Oommen, stephen.oommen@mrfylke.no, tlf:71280219

                       Arne-Håkon Sandnes, arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf:71280350

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen