(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Hyllestad

Kommunalt Næringsfond Hyllestad

Treng du støtte til investering eller bedriftsutvikling i di bedrift? Eller har du eit prosjekt som profilerer fleire bedrifter i kommunen?

Hyllestad kommune sitt Næringsfond skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Hyllestad kommune. Løyvingar av fondet skal stimulere til å skape arbeidsplassar gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen. 

Støtteordningar:

  • Investeringstilskot: tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr

  • Bedriftsutviklingstilskot: tilskot til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd

  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur: tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar.

  • Arrangementstøtte: tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle regionen.

Støtte frå fondet vert gjeve som tilskot.

Søknader til næringsfondet vert løpande behandla gjennom året. Ingen søknadsfrist.

Kontaktinformasjon for næringsfondet

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.

Kontaktperson: Laila Johannessen, e-post: laila@emal.no. Mobil 952 24 846

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen