(Du er ikke pålogget) 
 

Regionalt Etablerarfond Hardanger 2018

Hordaland fylkeskommune har oppretta ei ordning med tre regionale etablerarfond. Hardanger er ein av regionane, og omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik.

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Etablerarfondet vert forvalta av Hardangerrådet.

Aktuelle søkjarar

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter

med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte. 

Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i.

Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.

Søknadsfrist

Søknader blir handsama fortløpande, og det blir lagt opp til rask sakshandsaming.

Ingen søknadsfrist

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen