(Du er ikke pålogget) 
 

Breibandsutbygging i Møre og Romsdal 2018

Tilskot til breibandsutbygging i Møre og Romsdal

Stortinget har i Statsbudsjettet sett av 149,7 mill. kroner til breibandsutbygging i 2018. Målet med ordninga er å gje støtte til utbygging av breiband i område som manglar grunnleggande breibandstilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å bygge ut. Midlane er i år fordelt til fylka etter ein fordelingsnøkkel basert på den faktiske breibandsdekninga i fylket.

Møre og Romsdal fylkeskommune er tildelt ei ramme på 17 295 940 kroner for 2018.

Ordninga skal støtte utbygging av breiband i grunnleggande kvite område eller oppgradering av eksisterande breibandstilbod i kvite NGA-område. Grunnleggande kvite område er definert som område der husstandar og bedrifter i dag ikkje har tilbod om breiband på minst 10 Mbit/s eller høgare. Kvite NGA-område er område som ikkje har tilbod om 30 Mbit/s eller meir. Det kan også gjevast støtte til prosjekt som skal etablere tilbod i ein kombinasjon av dei to områda. Alle kommunar i Møre og Romsdal kan søke støtte frå ordninga.

Nytt frå 2018 – fylkesvise rammer

Frå 2018 får fylkeskommunane tildelt midlar etter ein fordelingsnøkkel frå Nkom. Det gir kommunane i Møre og Romsdal ei muligheit til å søke støtte til breibandutbygging utan å måtte konkurrere med kommunar i hele landet. Prosessen er slik at kommunane sender søknad til fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal så vurdere søknadane og lage ei innstilling for kva prosjekt som bør få støtte. Denne skal sendast til Nkom, som kontrollerer og godkjenner prosjekta. Deretter vert tilskotbeløpet tildelt fylkeskommunen, som så overfører til kommunane. Det er viktig å merke seg at dersom vi ikkje får fram nok kvalifiserte søknader frå kommmunar i Møre og Romsdal, vil pengane gå til andre fylke.

Vilkår for søknad om breibandstøtte

  • Kommunar som planlegg å søke breibandstøtte, skal offentleggjere kvar det er planlagt utbygging gjennom ei open offentleg høyring, med høyringsfrist på minst ein månad.

  • Minst halvparten av midlane som er sett av skal brukast til utbygging av breiband i grunnleggande kvite områder. Dersom alle dei kvite områda kan byggast ut med mindre enn 50 % av den økonomiske ramma, så kan resten brukast til kvite NGA-område, altså utbetringar i område som har under 30 Mbit/s.

  • Lokale bidrag skal utgjere minst 25 prosent av total prosjektkostnad. I lokalt bidrag inngår eigeninnsats og –kapital frå kommunen, private, lokalt næringsliv, dugnad osv. Utbyggar sin del skal ikkje reknast med i lokale bidrag.  

  • Kommunen pliktar å undersøke og dokumentere om kommersielle utbyggarar har planer om utbygging i det aktuelle området.

  • Prosjekta skal være teknologinøytrale.  Det skal ikkje settast krav om fiberteknologi, men det skal krevjast at breibandstilbodet skal gi høve til oppgradering til minimum 100 Mbit/s i løpet av 2-3 år.

  • Breiband til sluttbrukar skal tilbydast til ein fastpris som er uavhengig av bruken.  

  • Prosjektet som mottar tilskot skal gje eit reelt breibandstilbod til alle husstandar og bedrifter innanfor det geografiske området, dvs. 100% dekning i det aktuelle området.

  • Utbyggarar med offentlig støtte skal tillate andre tilbydarar å kople seg på det aktuelle nettet, for å tilby breiband i tilgrensande område til rimelege vilkår.

  • Kommunar som får tilskot må lyse prosjektet ut på anbod innan eitt år.

Start søknadsprosessen no!

På grunn av den knappe fristen (bestemt av samferdselsdepartementet) rår vi kommunane til å sette i gang med søknadsprosessen så snart som råd. Vi har lagt ved ei sjekkliste som hjelpemiddel for søknadsskriving. Denne sjekklista skildrar kva opplysningar som er vesentlege å få med i søknaden, og som vurderinga vil byggje på. Fylkeskommunen arbeider med eit søknadsskjema, som vil bli publisert seinare.  

Ta kontakt for rådgjeving

Vi samarbeider med konsulentfirmaet aPoint, som tilbyr rettleiing finansiert av fylkeskommunen. Alle kommunar kan få inntil 7,5 time gratis hjelp til utarbeiding av søknad i perioden fram til søknadsfristen. Kommunane må gjere eigne avtalar med aPoint om rådgjevingstimar utover dette.

Ta kontakt med Line Ekanger på line@apoint.no eller tlf. 996 99 632. Av omsyn til kapasiteten hos aPoint rår vi kommunane som vil nytte hjelp derifrå til å vere tidleg ute med å gjere avtale. Kommunar som har søkt støtte tidlegare men fått avslag, vert råda til å jobbe vidare med å forbetre desse prosjekta. Årets søknad kan bygge vidare på arbeid gjort i tidlegare søknadsrundar.

Ansvarlig for ordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune er Eivind Ryste, 71 28 02 16. eivind.ryste@mrfylke.no, og kontaktperson er Kim Tornes, 71 28 03 45, kim.tornes@mrfylke.no.

Fristen for å sende søknad til fylkeskommunen er 01.06.2018. 

 

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen