(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Vanylven kommune

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Vanylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Vanylven Utvikling AS har delegert mynde frå Vanylven kommune til forvaltning av kommunalt næringsfond. Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert.

 

Døme på kva bedrifter kan søkje støtte til:

• Nyetablering/bedriftsutvikling • Investeringar i maskiner og utstyr
• Produktutvikling • Marknadsføring • Kompetanseheving i bedrifta

• Nyetablering/bedriftsutvikling • Investeringar i maskiner og utstyr• Produktutvikling • Marknadsføring • Kompetanseheving i bedrifta

 

Tilretteleggande tiltak

Søkjar må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett.

 

Bedriftsretta tiltak

• Søkjar må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan

• Støtte til nyetablerarar gis berre til søkjarar som har gjennomført oppstartssamtale (1 time rettleiing om forretningsplan) med hoppid-kontoret hos Vanylven Utvikling AS. Søkjer tek sjølv initiativ til oppstartssamtalen.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen