(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Søk om støtte til vedlikehald, istandsetting og/eller restaurering av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Stranda og Norddal.

Søknadsportalen vil bli opna 20. september. De kan med fordel førebu obligatoriske søknadsvedlegg (sjå kva søknaden må innehalde lengre ned på sida).

Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.

Kven kan få tilskot?

Private eigarar av kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal Private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige og liknande.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søkje støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på sakshandsaming til din søknad.

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering med plan for nødvendige tiltak
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i tråd med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar på heimesida.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen