(Du er ikke pålogget) 
 

Regionalt etablerarfond i Sunnhordland

MERK!

REGIONALT ETABLERARFOND I SUNNHORDLAND FOR 2020 ER DELT UT - DET ER DIVERRE IKKJE FLEIRE SØKBARE MIDLAR FOR I ÅR!

 

Vestland fylkeskommune har oppretta ei ordning med etablerarfond. I Sunnhordland er det Samarbeidsrådet for Sunnhordland som forvaltar fondet. 

 

Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.

Søknadsfrist:  Søknader vert handsama fortløpande og seinast ein månad etter motteke søknad. Vurderinga av søknadene vert gjort administrativt. Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsegn/avslag

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom via www.regionalforvaltning.no Ta kontakt med Samarbeidsrådet for meir informasjon og rettleiing:

Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS

Telefon: 97 77 59 50

E-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no 

Kontaktperson: Anne Almås Tranøy

 


 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen