(Du er ikke pålogget) 
 

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til innovasjon og næringsutvikling. 

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland (HNV) er styrande for bruken av dei næringsretta utviklingsmidlane i 2020. I tillegg gir det føringar for andre offentlege aktørar sitt utviklingsarbeid i fylket. Det kan søkjast om delfinansiering til planlegging og gjennomføring av tilretteleggande utviklingsprosjekt og tiltak som støttar opp under mål og strategiar i handlingsprogrammet.

Målgruppa er offentlege og private utviklingsaktørar i Vestland fylke. Alle offentlege og private aktørar med konkrete næringsretta prosjekt/tiltak kan søkje. Vi oppmodar alle med spennande idear til nye prosjekt og tiltak om å ta kontakt med avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune.

Det kan søkjast om:
Dei strategiske innsatsområda i 2020 er:

  • Omstilling
  • Entreprenørskap og nyskaping
  • Forsking og styrka innovasjonsevne
  • Kompetanse og karriere
  • Berekraftige byar og samfunn
  • Naturressursar
  • Grøn konkurransekraft og klimainnovasjon

På nokre innsatsområde er det eigne støtteordningar, til dømes RFF Vest og Mobilisering til forsking.

 

Søknadsfristar
I 2020 er det to søknadsfristar
.Søknadane vert handsama av hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon

  • Søknadsfrist 15. april: handsaming i møte 4. juni
  • Søknadsfrist 15. september: handsaming i møte 25. november

Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no 

 

Vilkår og meir informasjon
Meir informasjon om vilkår for tildeling, finansiering, kven som kan søkje og anna informasjon finn de her. 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen