(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til lokale klima- og miljøtiltak

Tilskot til lokale klima- og miljøtiltak

Tilskotsordninga skal fremje lokale initiativ til handling for ei berekraftig utvikling av fylket. Det blir gitt støtte opp til 50 000 kr for gjennomføring av prosjekt eller tiltak. Det kan normalt gjevast inntil 50 % av total kostnad.

I særskilde høve, m.a. der fleire samarbeider om gjennomføring, kan høgare løyvingar vurderast.

Kven kan søkje
Frivillige lag, organisasjonar, grendelag, velforeiningar.

Søknadsfrist

Søknadane vert handsama kvar vår, søknadsfrist vert tilpassa politisk møtekalender. Fylkesrådmann har fullmakt til å lyse ut restmidlar på hausten.

 

Korleis søke
Søknad skal sendast inn ved bruk av søknadsskjema på fylkeskommunen sine nettsider (lenke ved publisering). Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori kan skrivast kort og konsist. Innhaldet kan utdjupast i vedlegg til søknaden.


Vilkår for tildeling
Ordninga omfattar prosjekt innanfor miljø, klima, natur og biologisk mangfald. Konkrete, handlingsretta tiltak og haldningsskapande arbeid vil bli prioritert.

Søkjarar som får innvilga tilskot, skal levere kortfatta rapport for bruk av tilskotet i tråd med tilsegnsbrevet. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama.  

Dette støtter vi ikkje:

  • Installasjon av varmepumper eller anna etablert teknologi
  • Installasjon av ladeinfrastruktur til elbil hjå private eller i burettslag
  • Innkjøp som allereie er gjennomført/bestilt
  • Søknadar frå private verksemder

Søknadar som vert prioritert er

  • Bidreg til å mobilisere til handling
  • Prosjekt som kan vise til effekt på tema som ordninga omfattar
  • Prosjekt som kan vise til direkte oppfølging av regionale klimamål
  • Tek i bruk ny teknologi og løysingar
  • Når ut til innbyggjarar i Vestland
  • Tilskotet har utløysande effekt
  • Tiltak/prosjekt med overføringsverdi til andre

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen