(Du er ikke pålogget) 
 

Internasjonal forprosjektordning for Møre og Romsdal

Internasjonal forprosjektordning for Møre og Romsdal

Formål

Auke kompetansen hos aktørar i fylket, og generere aktivitet som kan føre til internasjonale prosjekt for utvikling og nyvinning.

Kven kan søkje på forprosjektordninga

  • Kommunar
  • Innovasjonsmiljø
  • Kulturell og kreativ næring

Kvar aktør kan berre sende ein søknad.

Søkar må vise til at forprosjektet er godt forankra i organisasjonen. Det må gå fram at søkar har kapasitet og kompetanse til å gjennomføre forprosjektet og prosjektet dei søker om å utvikle i forprosjektet

Innhald i søknaden

Søknaden må minimum innehalde:

  • Prosjektplan med aktivitetsplan og kostnadsplan
  • Beskriving av ideen som er ønska utvikla og nyskapinga som ligg i denne
  • Det er ønskeleg at søknadar/prosjekt kan vise til koplingar mellom tema i prosjektet og FNs berekraftsmål

Kva kan det søkjast tilskot til

Støtte kan mellom anna gå til kompetansehevande tiltak, reise til relevante nettverksarenaer i Europa, partnarsøk, reise til ein konkret samarbeidspartnar for å kvalitetssikre aktøren, frikjøp av ressursar, prosjektutvikling og prosjektmøte i forkant av innlevering av ein EU-/Interreg-/EØS-søknad, og søknadsskriving eller innleige av hjelp for å skrive søknad.

Det kan ikkje søkast om tilskot til ordinær drift, kjøp av utstyr, arrangering av kurs, seminar el.l. til vidareføring av avsluttande eller pågåande prosjekt, eller til finansiering av aktivitetar som er gjennomført før det er gjort vedtak om å støtte prosjektet. Elles blir gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen lagt til grunn.

Kva for EU-program forprosjekta kan rette seg inn mot

  • Horisont 2020/Horisont Europa
  • Interreg- program
  • Kreativt Europa
  • Erasmus+ programmet for strategiske partnarskap (for eksempel samhandling mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv)
  • EØS- ordninga

Vilkår for støtte og støtteberekning

Forprosjekt kan støttast med inntil 75 prosent. Det er krav om minst 25 prosent eigenfinansiering, i form av kapital eller eigeninnsats, eller ein kombinasjon av desse. Det er ein føresetnad at prosjektet er fullfinansiert. Kostnadsbudsjett og aktivitetsplan må vise kvar eventuell eigeninnsats skal setjast inn. 

Støtta til kvart prosjekt er avgrensa til 150 000 kroner.

Ved godkjenning av forprosjektet kan 75 prosent av tilskotet utbetalast, resterande 25 prosent blir utbetalt når forprosjektet er sluttført og vilkåra er oppfylt.

Søkar må levere sluttrapport. Rapporten må gi god oversikt over dei gjennomførte aktivitetane i forprosjektet, kostnadsrapport, evaluering av resultat, erfaringar søkar har gjort seg, og ei skisse for planane vidare. Tilsegnsbrevet kan dersom det er relevant stille vilkår ut over dette.

Ellers vil gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen bli lagt til grunn.

Støtta blir gitt som bagatellmessig støtte i medhald av EØS-avtalens statsstøttereglar.

Økonomisk ramme for ordninga

750 000 kroner

Utlysing og søknadsfrist

Forprosjektordninga blir gjort kjent for målgruppene og har løpande søknadsfrist fram til og med 01.12.2020. Søknadar skal sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune via www.regionalforvaltning.no.

 

Birgit Aarønæs: Leiar marin og naturressurs og internasjonal koordinator, birgit.aaronas, tlf 71 28 03 53, mob 918 86 088

Malene Aaram Vike, malene.aaram.vike@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 08, mob 918 93 231

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen