(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Klepp kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Søk om næringsstøtte

Covid-19 har ført til store utfordringar for næringslivet. No kan bedrifter og næringsaktørar søka om kommunal støtte til tiltak som fremjar næringsutvikling.

 Med bakgrunn i regjeringa si krisepakke fase tre, er Klepp kommune tildelt kr 1 579 519 som ei styrking av kommunalt næringsfond. Tildelinga skal gjere det mogleg for kommunen å legga til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Målgruppen er bedrifter og næringsaktørar, det kan tildelast støtte til ulike bedriftsretta tiltak samt unntaksvis prosjekt og satsingar som kommunen vel å gjennomføra i eigen regi.

Tildeling skjer med bakgrunn i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet


Kven kan søka om støtte?
Ein kan gi tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Med næringsaktørar meines ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggast.

 

Fremja aktivitet
I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggast særleg vekt på

  • I kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motvirka negative verknader av covid-19-utbrotet
  • Kor raskt ein kan setta i gong tiltaket

Retningslinjene for næringsfondet gir eit stort handlingsrom for kven som kan søka å få tildelt midler. Kommunen ønsker likevel å trekka fram tre kategoriar som vil bli vektlagt:

  1. Samarbeidsprosjekt/prosjekt med positiv effekt for fleire bedrifter
  2. Kompetansetiltak – inkludert tiltak som legg til rette for fleire lærlingar/bedriftssamarbeid for fullverdige kompetanseplanar for lærlingar
  3. Tiltak innanfor reiselivet sidan denne bransjen er særleg ramma av korona-tiltaka

Tilskot frå denne støtteordninga er rekna som offentleg støtte og vil bli gitt i tråd med regelverket for dette. Søkar må derfor oppgi nødvendig informasjon for å kvalifisera innanfor dette regelverket. All nødvendig informasjon knytt til dette kan svarast ut i søknadsskjema eller som vedlegg til søknaden.

 

Tilskot
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet til prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 prosent.

 

Utbetaling av støtte
Tilskotsmidla utbetalast på etterskot, men kan likevel delvis utbetalast etter kvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet kan komme i gong, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

 

Søknader
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen.

Behandling
Søknadsportalen er open frå og med 31. august med frist 1. oktober. Eventuelle restmidler som ikkje blir fordelt i ordinær søknadsrunde med frist 1. oktober 2020 kan søkast om fortløpande.

Har du spørsmål, kontakt næringssjef Kåre Strand tlf 952 81 530, eller e-post: kare.strand@klepp.kommune.no.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen