(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond- Ekstraordinære midlar Covid-19 - Vindafjord kommune

Vindafjord kommune har fått tildelt kr 1 395 705 til eit kommunalt næringsfond som skal gå til ulike tiltak som fremjar aktivitet, sysselsetting og verdiskaping, og som vil kunne motverke negative verknadar i næringslivet i Vindafjord kommune av Covid-19-utbrotet.

 

Bakgrunn

Utbrotet av Covid-19 har gitt auka arbeidsløyse og redusert økonomisk aktivitet. Det Kongelige Kommunal- og Moderniseringsdepartement har difor løyvd midlar til ein krisepakke til alle fylkeskommunane i landet.  Krisepakka inneheld eit nytt tilskott øyremerka kommunale næringsfond.

 

Tildeling frå kommunale næringsfond skal gå til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19 og gjere kommunane i stand til  å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Ordninga er landsdekkande.

 

Kven kan søke om støtte?

Bedrifter, etablerarar eller næringsaktørar som har forretningsadresse i Vindafjord.

Målgruppa er små- og mellomstore bedrifter eller andre næringsaktørar som legg til rette for vidare næringsutvikling. Tiltaka som ein søker midlar til skal motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet og vere avgjerande for vidare vekst og eksistens. 

 

Kriteria for måloppnåing er:

a)      utvikling i sysselsetting og talet på arbeidsplasser og

b)      utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet.

 

Det kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar.

 

Vurdering av søknadar

Formannskapet i Vindafjord kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. I vurderinga av tilskotssøknadene blir det særlig lagt vekt på:

·         i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

·         i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil kunne motverke negative verknadar av Covid-19-utbrotet.

·         kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

 

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal ikkje overskride 75 %.

 

For ytterligare informasjon om ordninga sjå også i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.

 

Korleis søke om støtte?

Søknad sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no på følgjande link.

 

Søknadsfrist

Søknadar handsamast fortløpande til det ikkje er midlar igjen, men med følgjande fristar for endeleg behandling i formannskapet (FS)

NB! Vindafjord kommune vil ha felles vurdering av søknadane med Etne kommune og første endeleg behandling kjem opp 12. oktober. Søknadar kan sendast inn i heile perioden.

·         24. august (Behandling  i FS 8. september) Her vil berre behandlingsmåte komme opp til avgjersle

·         25. september (Behandling i FS 12. oktober)

·         23. oktober (Behandling i FS 10. november)

 

Anna informasjon

·         Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.

·         Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

 

Kontaktperson

Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samnfunnsutvikling. Tlf.: 936 46 043 eller anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen