(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstraordinært tilskot covid-19 - Årdal kommune

I samband med koronakrisa har Årdal kommune fått tilført omlag 1,3 mill. kroner frå Vestland fylkeskommune. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. Tiltaket må ikkje vere starta opp før tilskotet er innvilga.

Midlane vert forvalta i tråd med Midlertideg forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.

I vurderinga av søknadane skal det særskilt leggast vekt på:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
  • kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Søknaden skal sendast via Regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er 1. oktober 2020.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.

Kontaktperson:

Trine Grøttebø, e-post: tg@ardal-utvikling.no, mobil 92 22 38 74.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen