(Du er ikke pålogget) 
 

Sveio kommune - Kommunalt næringsfond

Sveio kommune har fått tildelt kr 1 017 962 til eit kommunalt næringsfond som skal gå til ulike tiltak som fremjar aktivitet, sysselsetting og verdiskaping, og som vil kunne motverke negative verknadar i næringslivet i Sveio kommune av Covid-19-utbrotet.

Bakgrunn
Utbrotet av Covid-19 har gitt auka arbeidsløyse og redusert økonomisk aktivitet. Det Kongelige Kommunal- og Moderniseringsdepartement har difor løyvd midlar til ein krisepakke til alle fylkeskommunane i landet. Krisepakka inneheld eit nytt tilskott øyremerka kommunale næringsfond.

Tildeling frå kommunale næringsfond skal gå til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19 og gjere kommunane i stand til å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Ordninga er landsdekkande.

Kven kan søke om støtte?
Støtte kan gis til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar/kommune med forretningsadresse i Sveio. Med næringsaktør meinast ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motvirke negative verkingar av koronavirusutbrotet, kor ein vektlegg betydninga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet. 

Korleis søke om støtte?
Søknad sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no.

Søknaden skal bl.a. oppgje kontaktopplysningar, prosjektets plassering, størrelse på verksemd, skildring av tiltaket som mål og start-/sluttdato, målgruppe, samt informasjon om budsjett. Ein må også oppgje om det på søknadstidspunktet er mottatt anna offentleg støtte inneverande og to siste rekneskapsår.

Vurdering av søknadar
Formannskapet i Sveio kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. I vurderinga av tilskotssøknadene blir det særleg lagt vekt på:

  •          i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  •          i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil kunne motverke negative verknadar av Covid-19-utbrotet.
  •          kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal ikkje overskride 75 %.

For ytterlegare informasjon om ordninga sjå også i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.

Søknadsfrist
Søknadsfrist 18. oktober.

Anna informasjon
Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.

Kontaktperson
Kenneth Tollefsen, kommunalsjef utvikling. Tlf.: 41 66 26 44 eller Kenneth.Tollefsen@sveio.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen