(Du er ikke pålogget) 
 

Vik kommune - Kommunalt næringsfond (Covid-19)

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Vik kommune er tildelt kr 828.261,-. I første tildelingsrunde vart det delt ut 567.500,- kr, slik at det står att 260.761,- til fordeling.

Det ekstraordinære næringsfondet skal bidra til å dempe effektane av koronakrisa i næringslivet, og stimulere til sysselsetjingsvekst i samsvar med gjeldande strategisk næringsplan.

Prosjekt med stor sysselsettingseffekt vert prioritert. Det er og eit overordna mål å bidra til meir regionalt samarbeid i næringslivet og næringsutviklingsarbeidet.

  • Prosjekt som er knytt til prioriterte områder i strategisk næringsplan vert prioriterte. Næringsnettverket i Sogn skal brukast til å sikre god samordning av regionale prosjekt.
  • Prosjekt knytt til reiseliv skal koordinerast med Visit Sognefjord. Eventuelle prosjekt med Visit Sognefjord som søkjar skal koordinerast gjennom næringsnettverket.
  • Prosjekt med fleire enn ein søkjar og prosjekt som har potensiale for å løyse ut fleire eksterne midlar vert prioriterte.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen