(Du er ikke pålogget) 
 

Bjerkreim kommune: Ekstraordinære Covid-19-midlar-Næringsfond - Ny søknadsfrist 01.02.21

Etter budsjettforslag frå Regjeringa vedtok Stortinget den 19. juni ein krisepakke, ved å løyva 600 millionar kroner til kommunale næringsfond. Dette er ekstraordinære eingongsmidlar gitt som følgje av covid-19-utbrotet. Rogaland fylkeskommune fordelte sin pott på 32,2 mill. til kommunane i fylket. Bjerkreim fekk om lag kr 750 000 kr til fordeling. Midlane skal setja kommunane i stand til å leggja til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping ut frå lokale utfordringar, behov og potensial.

Kven kan søkja om støtte og til kva?
Etter § 2 i midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet/KMD den 30.06.20, er målgruppa for midlane bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Med næringsaktør meiner ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildela midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverka negative konsekvensar av koronavirusutbrotet. Tildelinga til bedrifter må følgja regelverket om offentleg støtte, der bedriftsstøtte kan gjevast etter reglar for bagatellmessig støtte.

Korleis søkja?
Søknader skal registrerast og sendast inn gjennom https://regionalforvaltning.no, som er eit fagsystem spesielt tilrettelagt for tilskotsforvaltning. Her får ein tilgang til ein søknadsmal/skjema når ein har registrert bedrifta. Søkjar skal bl.a. oppgi kontaktopplysningar, kor prosjektet/tiltaket skal gjennomførast, kor stor bedrifta er, utgreiing om prosjektet/tiltaket, bl.a. mål og start-/sluttdato, målgruppe, og informasjon om budsjett. Det må også gjerast greie for om det på søknadstidspunktet er mottatt anna offentleg støtte inneverande og dei to siste rekneskapsåra. 
Det er eit vilkår at søkjar/firma/næringsaktør må ha forretningsadresse i Bjerkreim kommune. Rekneskapet for dei 2 siste åra skal leggjast ved søknaden.

Vurdering av søknader

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det i tråd med § 2 i forskrifta, og etter eit samrøysta vedtak i Kommunestyret den 1. september, leggjast særleg vekt på:

  1. I kor stor grad tiltaket vil skapa auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping ut frå lokale utfordringar, behov og potensial
  2. I kor stor grad ein kan rekna med at bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverka negative konsekvenar av covid-19-utbrotet
  3. Kor raskt tiltaket kan setjast i gong
  4. I tillegg vil Bjerkreim kommune vektleggja næringar som er eller står i umiddelbar fare for å verta, særleg hardt ramma som følgje av virusutbruddet
  5. Bjerkreim kommune vil også prioritera små- og mellomstore bedrifter, og dei som har motteke lite eller inga anna offentleg støtte pga virusutbruddet.

Etter § 3 kan samla tilskot frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstiga 50 % av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstiga 75 %.

Bjerkreim kommunestyre delegerte mynde til å avgjera søknadene, til LMT-utvalet. 

Søknadsfrist: 
Innan fristen den 01.10.20 mottok kommunen 15 søknader. LMT-utvalet løyvde i sitt møte 21.10.20 samla tilskot på 575.000 kr fordelt på 8 av dei mottekne søknadene. 

Ny frist 1. februar 2021 – for dei resterande midlane på 171.782 kr.

Kontaktperson: Landbrukssjef Gerd Siqveland Engelsgjerd, tlf. 51 20 11 70 og e-post: gerdse@bjerkreim.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen