(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Covid - 19 midlar - Bømlo kommune

Tilskot til kommunale næringsfond

Bømlo kommune har fått tildelt kr 2 235 416 av ekstraordinære statlege midlar til næringsfond grunna Covid-19 pandemien. Ordninga fell inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

Målgruppa for tilskotet er bedrifter og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Vurdering ved tildeling. Dei ekstraordinære midlane kan gis som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løypande driftskostnadar. Midlane skal nyttast til varig næringsutvikling og ikkje som reine sysselsettingstiltak. Samarbeidsprosjekt mellom fleire næringsaktørar kan støttast. Det er ønskeleg at innsatsen bidreg til å styrke digitalisering, sirkulærøkonomi og det grøne skiftet i næringslivet.

Ved tildeling skal det leggast særleg vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, auka sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motverke negative verknader av covid 19-utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Tilskot frå denne støtteordninga er rekna som offentleg støtte og vil bli gitt i tråd med regelverket for dette.

Tilskot 
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Tilskotet blir gitt etter reglane for offentleg støtte, og gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgast.  Søkjar må derfor oppgi naudsynt informasjon for å kvalifisera innanfor dette regelverket. All informasjon knytt til dette kan svarast ut i søknadsskjema eller som vedlegg til søknaden. Alle tilskot gitt etter reglane om offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Midlane skal gå til dei som har eit reelt behov. Behovet skal dokumenterast i søknaden og midlar tildelt på feilaktig grunnlag skal betalast attende.

Søknader og saksbehandling
Søknad med naudsynte opplysningar og vedlegg skal sendast inn via 
www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen som post eller e post. 
Søknadsfrist er 25. oktober 2020.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. Det kan søkjast om utsetjing.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen