(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstraordinært næringsfond 2020 - Fedje kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Fedje kommune har fått løyvt kr 526 430,- i ekstra næringsfond frå staten i samband med koronapandemien. Fondet skal setje kommunen i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping.

Kriteria for måloppnåing er:

  • Utvikling i sysselsetjing og talet på arbeidsplassar
  • Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Midlane skal nyttast til bedriftsretta stønad og til andre næringsretta tiltak som er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet. Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50% av prosjektet sitt kapitalbehov, og aldri overstige 75%.

Ordninga vert administrert av rådmannsgruppa, som innstiller til formannskapet der endeleg vedtak om tilskot vert fatta.

Første søknadsfrist er søndag 4/10-20, dersom det er meir igjen etter første søknadsfrist vert søknader fortløpande behandla inntil midlane er brukt opp. Forretningsplan må leggjast ved søknaden. 

Dersom du ønskjer å søkje om tilskot til bedrifta, eller prosjektet ditt, gå inn på www.regionalforvaltning.no for å søkje.



Kontaktperson:

Gjermund Hagesæter

Rådmann

(+47) 934 20 679 – 56 16 51 06

gjermund.hageseter@fedje.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen