(Du er ikke pålogget) 
 

Tekniske og industrielle kulturminne

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilksot til tekniske og industrielle kulturminne

Gjennom tilskot til tekniske og industrielle kulturminne skal vesentlege delar av Noregs tekniske og industrielle historie bli bevart. Målet med ordninga er å sette i stand og vedlikehalde tekniske og industrielle kulturminne for å bidra til kunnskap, opplevingar, bruk og verdiskaping. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2023, kapittel 1429 post 72.

Kven kan søkje?

Eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne

Kva kan du søkje tilskot til?

  • Sikring
  • Istandsetting
  • Vedlikehald
  • Kulturminne- og tilstandsregistrering
  • Dokumentasjon
  • Moglegheitsstudie

Tilskotsmottakar kan bruke 10-15 prosent av tilskotet til prosjektleiing og prosjektoppfølging knytt til tiltak det blir gitt tilskot til.

Tilskot til drift, kommunale avgifter og museal verksemd, samt vedlikehald av bilar og større verktøy verte ikkje prioritert.

Utvalde fokusområde:

Tilskot blir gitt til anlegg som oppfyller eit eller fleire av følgande kriterium for tekniske og industrielle kulturminne med:

  • bevart produksjonslinje, maskineri eller teknisk infrastruktur.
  • forankring i nasjonale strategiske satsingar
  • grunnlag for forsking og formidling, der det er mogleg å gjere kulturminnet tilgjengeleg 
  • lokalt, regionalt engasjement eller medfinansiering

I tillegg kan du søke støtte til tiltak som tek i vare kompetanse som er nødvendig for å bevare tekniske og indistrielle kulturminne.

Det er ikkje eit krav at anlegg har eit formelt vern etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova, sjølv om objekt som kjem innanfor denne kategorien vil bli prioritert ved fordeling av tilskot.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søker du:

Du søker støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete, detaljbilete og eventuelt eit utval eldre bilete)
  • Situasjonskart (med aktuelle objekt markert)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar

Du kan òg gjerne legge ved teikningar av anlegget, om det finst.

Det er viktig at handverkarar har god fagleg kompetanse. Utførande handverkar skal oppgi formell kompetanse og referanseprosjekt. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handvrkar på kulturminne det vert gitt tilskot til.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen