(Du er ikke pålogget) 
 

LivOGLyst Vestland

Opprett ny søknad på støtteordning

Elektronisk søknad om deltaking i LivOGLyst 2021. 
Søkjar må sende søknad om pre-kvalifisering i dette systemet innan 25. oktober 2020.

Opprette søknad:

1. Registrer deg som søkjar eller organisasjon.
2. Opprett søknad på utlyst støtteordning (LivOGLyst Vestland).
3. Merk: Under fanen "Beskrivelse" skriv "2021" under "År"
4. Fyll ut søknaden, lagre undervegs.
5. Hugs å sende inn ferdig utfylt søknad innan fristen.

Krav til søknaden:
Bruk standarisert søknadsskjema på 
www.regionalforvaltning.no

Sjå søkjarhefte for LivOGLyst her for informasjon om korleis du fyller ut søknad.

Søknadsbeløp: 
For 1-årig forprosjekt (mobilisering og prosjektutvikling): kr 50.000. 
For 3-årige hovudprosjekt: 300.000 (100.000 kr pr. år).

1. Prosjektgrunnlag:
- Beskriv kort bakgrunn for prosjektet med utgangspunkt i lokalsamfunnet sin status for folketal, næring, skular, barnehage og møteplassar. 
- Beskriv utfordringar dykkar lokalsamfunn har  og kva potensiale og mulegheiter de ser.
       
Prosjektmål:
-  Beskriv overordna mål og hovudmål.
        
Aktivitetar og tidsplan:
1-årig forprosjekt/mobilisering og prosjektutvikling.
Tiltak: Nettverksdeltaking og kompetanseheving, brei mobilisering med deltaking frå ulike aldersgrupper og sosiale grupperingar og næringsliv. Kartlegging, planlegging, og prosjektplan som dannar grunnlag for søknad om tre-årleg ståtte. Kommunen er aktivt med. 

3-årige hovudprosjekt.
Tiltak: Fortsetting av mobiliseringsprosessar; skapa utviklingslyst og stadig få fleire med og  skape auka aktivitet og nye tiltak ut frå lokalsamfunnet sine ynskjer og behov. Nettverksdeltaking og kompetanseheving. Enkel rapportering.
       
Organisering:
-  Organisering og rolleavklaring. Det er viktig at det vert sett hovudansvarleg for dei ulike tiltak og aktivitetar.

Kostnader og finansieringsplan:

Kostnadsplan:
01. Prosjektleiing (maks 50 % av søknadsbeløpet)
02. Nettverksdeltaking og kompetanseheving
03. Tiltak:  Mobiliseringstiltak, lokalsamfunsutviklingstiltak, entreprenørskap og  trivselstiltak. Dette skal synleggjerast i prosjektplan. 

Finansieringsplan:
01. LivOGLyst
02. Kommunen
03. Eigeininnsats

Vilkår for tildeling:

- Krav om kommunal deltaking. Det skal bli utpeika ein kontaktperson frå kommunen. For 3-årig søkjarar er det i tillegg eit krav om at kommunen må medverke med minst kr 30.000 årleg til prosjektet
- Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet
- Rapportering

Søknad om pre-kvalifisering for eittårige forprosjekt innan 25. oktober 2020.
Endeleg søknadsfrist er innan 22. november 2020. (gjeld berre pre-kvalifiserte prosjekt)

Søknadsfrist for nye eittårige prosjekt for prosjektåret 2021 er 25. oktober 2020. Forprosjekt som er inne i programmet og søkjer om treårig hovudprosjekt har søknadsfrist 6. desember.

Sjå meir informasjon om livOGLyst-programmet her: https://www.vestlandfylke.no/livOGlyst

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen