(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - restmidlar

 

Restmidler fra næringsfondet

Etter fordeling av tilskott frå næringsfondet i november 2020 var det kr. 278 519 som ikkje blei disponert. Det er nå mogeleg å søkja på desse midlane.

Retnigslinjene er dei same som ved hovudfordelinga:

Covid-19 har ført til store utfordringar for næringslivet. No kan bedrifter og næringsaktørar søka om kommunal støtte til tiltak som fremjar næringsutvikling.

Med bakgrunn i regjeringa si krisepakke fase tre, er Klepp kommune tildelt kr 1 579 519 som ei styrking av kommunalt næringsfond. Størstedelen er fordelt, men det står att kr. 278 519 til fordeling. Tildelinga skal gjere det mogleg for kommunen å legga til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. Målgruppen er bedrifter og næringsaktørar, det kan tildelast støtte til ulike bedriftsretta tiltak samt unntaksvis prosjekt og satsingar som kommunen vel å gjennomføra i eigen regi.

Tildeling skjer med bakgrunn i Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet


Kven kan søka om støtte?
Ein kan gi tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Med næringsaktørar meines ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggast.

 

Fremja aktivitet
I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggast særleg vekt på

  • I kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motvirka negative verknader av covid-19-utbrotet
  • Kor raskt ein kan setta i gong tiltaket

Retningslinjene for næringsfondet gir eit stort handlingsrom for kven som kan søka å få tildelt midler. Kommunen ønsker likevel å trekka fram tre kategoriar som vil bli vektlagt:

1.    Samarbeidsprosjekt/prosjekt med positiv effekt for fleire bedrifter

2.    Kompetansetiltak – inkludert tiltak som legg til rette for fleire lærlingar/bedriftssamarbeid for fullverdige kompetanseplanar for lærlingar

3.    Tiltak innanfor reiselivet sidan denne bransjen er særleg ramma av korona-tiltaka

Tilskot frå denne støtteordninga er rekna som offentleg støtte og vil bli gitt i tråd med regelverket for dette. Søkar må derfor oppgi nødvendig informasjon for å kvalifisera innanfor dette regelverket. All nødvendig informasjon knytt til dette kan svarast ut i søknadsskjema eller som vedlegg til søknaden.

 

Tilskot
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet til prosjektet, og det skal aldri overstiga 75 prosent.

 

Utbetaling av støtte
Tilskotsmidla utbetalast på etterskot, men kan likevel delvis utbetalast etter kvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet kan komme i gong, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

 

Søknader
Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no og ikkje direkte til kommunen.

Behandling
Søknadsportalen er open, og det kan søkjast om tilskot frå restmidlene. Søknadane blir behandla når dei kjem inn, men første gong i januar 2021. 

Har du spørsmål, kontakt næringssjef Kåre Strand tlf 952 81 530, eller e-post: kare.strand@klepp.kommune.no.

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen