(Du er ikke pålogget) 
 

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket 2021

Opprett ny søknad på støtteordning

Aktiv jobbing med rekruttering, kompetansebygging og med omdøme til næringa er ei avgjerande satsing for å styrke verdiskapinga i landbruket. No kan du søke om midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket i Vestland.    

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i Vestland, med særleg vekt på berekraft og miljø. Ordninga skal bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane og nå måla i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2021Det er viktig å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og gje fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa. 

 

Vestland fylkeskommune er tildelt  1 960 000 kr til denne ordninga i 2021.  

 

Prioriteringar i 2021:
 

Prioriterte område for støtte er etterutdanning i landbruket, og tiltak som rettar seg mot rekruttering, likestilling og omdømebygging. Tiltak som bidrar til å styrke rekruttering til landbruksutdanning og etterutdanning for næringsutøvarar i landbruket skal prioriterast. Det er viktig å sikre fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa. Ordninga skal bidra til å styrkje lønsemda i Vestlandslandbruket og auka produksjon på lokale ressursarOrdninga skal bidra til å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringaneDet blir lagt særleg vekt på berekraft og miljø. 

Prioriteringar 2021: 

  • - bygge opp under omdømmet til næringa og få fram gode døme på unge bønder som lukkast 
  • - jobbe aktivt for å synleggjere landbruket som karriereveg for ungdom, og medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå 
  • - legge til rette for fadderordningar og gode nettverk for bonden 
  • - kurs som næringsutøvarane har særskilt trong for, dette kan vere både fysiske og digitale kurs 
  • - tilby fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket, mellom anna med tanke på klimaendringane og teknologisk utvikling 
  • - legge til rette for å rekruttere nye grupper inn i næringa  
  • - legge til rette for å rekruttere fleire kvinner til landbruket gjennom mentorordningar og nettverksbygging 

 

Søknadsfristar
Søknadsfristar er 15. april og 1. oktoberVedtak blir fatta i løpet av mai og november i søknadsåret. 

 

Vilkår og meir informasjon
Meir informasjon om vilkår for tildeling, finansiering, kven som kan søkje og anna informasjon finn de her. 

 

Kontaktinformasjon

Heidi Bjønnes Larsen 
Seniorrådgjevar

99 61 38 68

heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no

Kjersti Sognnes
Seniorrådgjevar
95 75 87 20

kjersti.sognnes@vlfk.no

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar

90 61 68 43

kristin.arnestad@vlfk.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen