(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstraordinært kommunalt næringsfond 2020 Covid-19

Opprett ny søknad på støtteordning

Ekstraordinært kommunalt næringsfond 2020 COVID-19

Kommunane i Møre og Romsdal har fått ekstraordinære midlar til støtte for bedrifter som har vanskar under korona-pandemien. Det kan gis tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar med forretningsadresse i kommunen.

Ordninga faller elles inn under "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet".

 

Vurdering

Dei ekstraordinære midlane kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar. Støtte skal vere avgjerande for vidare vekst og eksistens. Ekstraordinære midlar vurderast etter vedtekter for kommunalt næringsfond med spesiell vekt på:

  • i kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.
  • i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antas å motvirke negative virkningar av covid-19 utbrotet.
  • kor raskt tiltaket kan settast i gong

Midlane kan ikkje brukast til å dekke løpande/ordinære driftskostnader eller kjøp av aksjer.

 

Tilskot

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov. I dette spesielle tilfelle skal det aldri overstige 75 prosent. EØS-avtalen sine reglar for offentleg støtte leggast òg til grunn.

Eigeninnsats kan godkjennast som bedrifter sin eigendel av finansieringa. Eigne arbeidstimar kan
prisast med inntil 700 kroner per time.

 

Søknader og saksbehandling

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no 

Søknader vil bli behandla fortløpande.

Tildelt støtte må brukast innan eitt år frå vedtaksdato. 

 

Utbetaling

Tilskotet skal betalast ut etterskotsvis, mot dokumentasjon av påløpte kostnader. Inntil 15
prosent av tildelt tilskot kan betalast ut som forskot dersom det er nødvendig for å kome i gang med
prosjektet.

 

Kontaktperson

Næringssjef Inger Synnøve Remme

e-post: inger.synnove.remme@alesund.kommune.no

Telefon: 99 42 41 39

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen