(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Vik kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Det er mogeleg å søke om midlar til:

  • Oppstart- og opplæring
  • Prosjekt
  • Bygdeutvikling og omdømmebygging

Har du spørsmål i samband med søknad til det kommunale næringsfondet, kan du kontakte Sogn Næring. Dei kan og bistå næringslivet med prosjektutvikling, søknadar, etablering av bedrift osb.

Vik kommunestyre vedtok nye retningsliner for næringstilskot i sak 12/21 på møtet 11. februar 2021. Du kan lese dei nye retningslinene ved å følgja denne lenka.

------------------------------

Oppstarts- og opplæringstilskot

Det kan mellom anna søkast om tilskot til nyetablering, kurs og kompetanseheving, tilsetting av lærlingar og traineear i nye stillingar. Slike tilskot vil ha mindre krav til søknad, handsaming og rapportering enn store prosjekt.

1. Nye verksemder
  • Oppstartstilskot på kr 20.000,- 
  • Inntil 15 timar rådgjeving 

Dersom det er trong for meir støtte til oppstart, må det søkjast om prosjekttilskot. Verksemda må ha som mål å skape nye arbeidsplassar. 

2. Trainee og lærlingar 

  • Det vert gjeve kr 25.000,- i støtte til verksemder som tek inn trainee gjennom ordninga til Framtidsfylket. 
  • Det vert gjeve kr 25.000,- i støtte til verksemder som tek inn lærlingar. 

Ba°de verksemda og trainee/lærling må ha adresse i Vik kommune for å kvalifisere til støtte. 

3. Kurs og opplæring 

  • Det vert gjeve støtte på inntil 50 prosent av eksterne kostnader til kurs eller opplæring. Kurset kan vere eksternt eller internt i verksemda med ekstern kursleiar. 
  • Kurs i regi av kommunen eller Vik Næringssamskipnad kan få dekka inntil 100 prosent av eksterne kostnader dersom kurset er ope for alle arbeidsplassane i kommunen.

Det vert ikkje gjeve støtte til ordinær opplæring, som for eksempel HMS-kurs eller opplæring som er obligatorisk for at medarbeidarane skal oppfylle krav til kompetanse og sertifiseringar. 

------------------------------

Prosjekttilskot

Det kan søkjast om tilskot til investeringar i næringsbygg, produktutvikling, driftsmidlar og liknande. Vik kommune er positive til god idear og satsingar i kommunen og ynskjer å bidra til at dei rette ideane vert realiserte. 

Vik kommune ynskjer å utvikla alle delar av næringslivet i kommunen men vil spesielt støtte dei som satsar for å skapa ny arbeidsplassar.

Prosjekttilskot kan gjevast til større utviklingsprosjekt som til dømes: 

  • Prosjekt innan produktutvikling og verksemdsutvikling 
  • Investeringar i nybygg, utviding, modernisering eller ombygging av eksisterande bygg. 
  • Investering i varige driftsmidlar 
  • Regionale prosjekt som fremjar næringsutviklinga i Vik kommune 

Ved budsjettering skal det maksimalt nyttast 350 kr/time i eigeninnsats for timearbeid og 800 kr/time for maskin med førar. Det vert gjeve støtte på inntil 20% av godkjend prosjektkostnad. Søknader om prosjekttilskot må også seie noko om dei forventa verknadane av prosjektet med omsyn til fleire arbeidsplassar, auka omsetning, kompetanseheving og/eller andre ringverknader. 

------------------------------

Bygdeutvikling og omdømmebygging
 
Vik kommune ynskjer å stimulere til tiltak, arrangement og prosjekt som skapar levande bygder der det er godt å bu. Det kan søkjast om tilskot til arrangement og andre tiltak som bidreg auka til bulyst og omdømme. 
 
Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om tilskot til møteplassar, aktivitetstilbod, mindre stadsutviklingstiltak og arrangement som fremjar trivsel, styrkar samhaldet og gjev god marknadsføring av lokalsamfunnet. Tiltaket skal vere ope og tilgjengeleg for alle. 
 
Ordninga med tilskot til næringsføremål er meint å vera til hjelp for både nyoppstarta og eksisterande verksemder med adresse i Vik kommune. Organisasjonar, verksemder utanom kommunen og det offentlege kan også søkje om tilskot som gjeld bygdeutvikling og omdømebygging. 
 
Det vert gjeve støtte på inntil 20 prosent av godkjende kostnadar. Ved budsjettering skal det maksimalt nyttast 250 kr/time for dugnadsarbeid. 

Søknadar om bygdeutvikling og omdømebygging må seie noko om ringverknader i bygdene og korleis tiltaket vil styrkje omdømme.

------------------------------

Søknad må minimum innehalde

  • Informasjon om søkjar 
  • Skildring av verksemda og tiltaket. 
  • Budsjett med finansieringsplan. 
  • Plan for gjennomføring av tiltak 

Klage på vedtak gjort av rådmannen vert handsama av formannskapet som klageinstans. Klage på vedtak gjort av formannskapet vert handsama av i kommunestyret som klageinstans. 

Samla tilskot skal ikkje utgjera meir enn 50% av kapitalbehovet i prosjektet. Tilskot utrekna til under kr 10.000,- vert ikkje utbetalt. 

Du kan lese meir om retningslinjene for tilskot til næringsformål på Vik kommune si heimeside.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen