(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond covid-19 2021 Ulstein kommune

I desember løyya Stortinget 250 nye millionar til kommunar som har vore hardt råka avpandemien. Ulstein kommune fekk tildelt 970.000 kroner. Formannskapet vedtok 16.03.21 å opprette eit nytt næringsfond for tiltak/prosjekt som er med å utvikle næringslivet i lokalsamfunnet og ikkje gå til enkeltprosjekt i ei verksemd. Samarbeidsprosjekt mellom fleire lokale aktørar som treff bredt vil difor verte prioritert

Kven kan søke om støtte til kva
Målgruppa er lokale bedrifter eller næringsaktørar som aleine eller i lag legg til rette for vidare næringsutvikling i Ulstein kommune. Tiltaka skal vere gode utviklingsprosjekt for lokalsamfunnet og næringslivet. Det kan ikkje søkast støtte til enkeltverksemder om ikkje tiltaket det søkast støtte til vil verte til nytte for samfunnet. Midlane kan ikkje nyttas til drifts- og forvaltningsoppgåver.

Vurdering
I vurderinga av tilskotssøknadane blir det særleg lagt vekt på:

  • I kor stor grad tiltaket vil fremme og legge rette for auka verdiskapning for ulsteinsamfunnet
  • Kor raskt tiltaket kan komme i gang 
  • At tiltaket omfattar fleire partnarar
  • Tiltak som fremmer nyskaping og utvikling (iht. Nyskapingsstrategi for Ulstein kommune 28.03.2019)

Andre krav:

  • Tilskotet skal ikkje gå til enkelttiltak i ei enkelt verksemd så sant det ikkje tilfredsstiller punkta ovanfor
  • Tilskotet skal ikkje gå til å dekke ordinære drifts- og forvaltingskostnadar
  • Tilskotet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektets kapitalbehov
  • For tiltak som i særleg grad oppfyller målsettingane kan ein unntaksvis vurdere tilskot opp til 75%
  • Eit tiltak kan maksimalt få tildelt 200.000 kroner. I særskilte tilfelle kan rammene fråvikast.
  • Eigeninnsats kan godkjennast som søkar sin eigendel av finansieringa innanfor ei øvre grense. Estimert timeanslag og timepris må dokumenterast i søknaden.

Korleis søke støtte
Søknad gjerast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no. Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, vise realistiske mål og gevinstar, gi ei oversikt over aktiviteter/produkt, framdriftsplan og eit budsjett med finansieringsplan. Formannskapet behandlar dei innkomne søknadane etter innstilling frå administrasjonen

Søknadsfrist
Søknadar handsamast puljevis til fondet er tomt. Frist 1. april, 25. april og 25. mai. 

Offentlegheit
Opplysningar som gis i søknaden, vil i utgangspunktet være offentlege etter offentligheitsloven.

Rapportering
Normalt utbetales tilskotet når tiltaket er gjennomført. Er det naudsynt for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalest ved oppstart av tiltaket. Ved behov kan det utbetales inntil 75 % av tilskotet etter kvart som mottakaren dokumenterer framdrift i tiltaket.

Tilskotsmottakarar skal rapportere og be om utbetaling i henhold til rapporteringskrav i departementets elektroniske forvaltningsportal, regionalforvaltning.no.

Tildelinga vil kunne falle bort helt eller delvis eller bli kravd tilbakebetalt, dersom støttemottakar endrar prosjektet som låg til grunn for tildelinga utan å søke forvaltar av fondet om denne endringa, og får en skriftlig stadfesting på dette. Tilskotsmottakar skal sende inn en sluttrapport og et rekneskap for prosjektet, satt opp etter same oppstilling som budsjettet. Her skal også gjennomført eigeninnsats vore dokumentert med signert timeliste og attest på timepris frå rekneskapsførar eller revisor. 

Kontaktpersonar
Kommunalsjef Monica Cecilie Torp
Epost: monica.cecilie.torp@ulstein.kommune.no
Telefon: 907 43 207

Seniorrådgivar Robert Voldnes
Epost: Robert.voldnes@aakp.no
Telefon: 906 58 517

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen