(Du er ikke pålogget) 
 

Hyllestad kommune kompensasjonsordning 2021

Hyllestad kommune - støtte frå kommunal kompensajonsordning

Støtte frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er spesielt råka av Covid-19.

Hyllestad kommune har fått tildelt kr 250.000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpe dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg:

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Hyllestad kommune. 

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

For ytterlegare informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/25112a24a5764908bec35e653933a066/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-.pdf

Korleis søke om støtte?

Søknad sendast elektronisk gjennom  www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

15. april 2021

Kontaktperson

For spørsmål eller hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med næringskoordinator Laila Johannessen, laila@emal.no, mobil 95 22 48 46  

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen