(Du er ikke pålogget) 
 

Stranda kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Om ordninga
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlartil kommunar som har arbeidsløyse over gjennomsnittet for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Stranda kommune har fått tildelt til saman 2 090 525 kr gjennom 3 tildelingar (525 000 + 412 525 + 1 153 000). Dei to første tildelingane er lyste ut og fordelt. Denne (3.dje utlysing) gjeld difor kr 1 153 000.

Føremålet med ordninga
Tilskotet skal setje kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 


Målgruppe

 Tildelingsbrevet definerer følgjande målgrupper:

- sports- og fritidsverksemder (utanom idrettslag)

- detaljhandel (utanom daglegvare)

- reisebyrå og -arrangørar

Departementet seier elles følgjande i tildelingsbrevet:

"Kommunene skal bruke midlene på tiltak på lokale virksomheter som er rammet av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særlig støtte som kompenserer lokale virksomheters kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstegning.

Kommunene har betydelig frihet til å tilpasse hva slags virksomheter de kan støtte, avhengig av den lokale situasjonen".


Støtteform

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.
Tildelinga vert basert på søknad med dokumentasjon (dvs. ikkje såkalla sjablongmessig tildeling).

 

Krav til søknad

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitterverntiltak og stenging, så som: 

        •       tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
        •       ekstra kostnader til smitteverntiltak
        •       andre kostnader som følgje av nedstenging

Dokumentert tap må inkludere erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor). 

Det vil ikkje bli kravd skatteattest.


Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).


Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Stranda kommune set i utgangspunktet krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje er sett til måndag 2. august.

 

Handsaming
Søknadene vert handsama i Formannskapet så snart råd er (og dersom sakspapira vert ferdige, i møtet 18. august i formannskapet).

 

Meir informasjon

  • Statsbudsjettet 2021 – Tilskottsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
  • Anna informasjon: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, men kommunen vil halde unna informasjon som er U.off etter Offentleglova.
  • Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Inge Bjørdal (E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. M: 464 11 023)

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen