(Du er ikke pålogget) 
 

Sande kommune - Kompensasjonsfond 2021, Covid-19

Sande kommune – Kompensasjonsfond 2021, Covid-19

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tildelt kommunane økonomiske midlar som skal nyttast til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i samband med pandemien.

På dette kompensasjonsfondet (del 2) – er det private verksemder i Sande kommune som er registrert med NACE–koder 55 (overnattingsverksemd), 56 (Serveringsverksemd), 96 (Annen personlig tenesteyting) som kan søke økonomisk kompensasjon.

Søknadsprosedyre:

Verksemdene må søke gjennom elektronisk via portalen www.regionalforvaltning.no .

Om verksemda ikkje alt har ein brukarkonto i portalen, må verksemda opprette dette. Følg fana «Registrer organisasjon» og fyll ut påfølgande skjema.

Når verksemda har oppretta brukarkonto og er logga inn, så ligg der lenker til ulike støtteordningar. Søk opp/finn ordninga «Sande kommune – Kompensasjonsfond 2021, Covid-19» og start søkeprosessen.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist er 10.september 2021.

Kven kan søke:

Private verksemder som stettar følgande kriterier kan søke støtte.

  • Verksemdene må vere registrert med næringskode NACE 55 (overnattingsverksemd), 56 (Serveringsverksemd), eller 96 (annen personlig tenesteyting).
  • Verksemdene som ynskjer å søke tilskot skal søke gjennom portalen www.regionalforvaltning.no .
  • Verksemdene skal ha forretningsadresse i Sande kommune og verksemdene skal drive sin verdiskapande aktivitet i Sande kommune.
  • Verksemdene skal vere registrert med organisasjonsnr i føretakregisteret.

Krav til dokumentasjon:

Størrelsen på tilskotet vert berekna ut frå verksemda si omsetning for perioden 01.01.21 – 30.06.21. Omsetning skal dokumenterast med vedlagt utskrift/rekneskapsrapport attestert av verksemda sin rekneskapsansvarlige.

Annan viktig informasjon:

Tilskot vert gitt som bagatellmessig støtte etter statsstøtteregulativet.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen