(Du er ikke pålogget) 
 

Sauda kommune - kompensasjonsordning til lokale verksemder

Kommunal kompensasjonsordning til lokalt næringsliv i Sauda kommune

Sauda kommune har fått tildelt kr 419 000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.


Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre felles utviklingstiltak for reiselivet

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei vil støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Korleis søke

Søknad med nødvendige opplysninger og vedlegg sendes via www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

Søknadsfristen er satt til 15. april 2021. Søknadene vil bli behandla samla etter søknadsfristen

Ta kontakt med kommunalsjef Næring og samfunn, Eirik Daniel Fatnes, eirik.daniel.fatnes@sauda.kommune.no eller tlf 99458553 ved spørsmål knytta til søknaden.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen