(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt Covid-19 næringsfond i Vik kommune 2021

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev av 25/2 gjeve melding om at det er løyvd midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa. Vik kommune fekk tildelt kr. 250.000,-.

Formannskapet i Vik kommune vedtok i sak 041/21 den 25.03.2021 at midlane skal lysast ut med søknadsfrist 15. april 2021. Tildeling av midlar skjer i Formannskapet 6. mai etter innstilling frå Rådmannen.

Målgruppe for utlysinga er verksemder heimehøyrande i Vik kommune innan dei næringane som er prioriterte i retningslinjene.

Du finn dei vedtekne retningslinene for fondet her.

Sogn Næring kan bistå med rettleiing til prosjekt eller søknad og kan kontaktast her.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen