(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune, kommunalt kompensasjonsfond

Alver kommune har fått tildelt NOK 6 040 475 som skal fordelast vidare til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak.

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg:

·        stønad som kompenserer for kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

·        stønad til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane

·        stønad for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Kven kan søkje?

·       Kompensasjonsordninga skal gjelde for alle verksemder i Alver kommune som er råka av smitteverntiltak.

Kva kan midlane nyttast til?

·      Ordninga skal nyttast innanfor to område:

-      Dekke faste kostnader, det kan til dømes gjelde løn, husleige, straum, forsikring og andre løpande utgifter.

-      Dokumentert fall i omsetnad i 2020 og 2021. Her må verksemdene leggje fram relevant dokumentasjon for å synleggjere omsetnadssvikt

·      Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Krav til søknad:

·        Stønaden vert gjeve etter reglane for bagatellmessig stønad. Søkjarar må stadfeste at dei samla over tre rekneskapsår ikkje har motteke offentleg stønad på meir enn 200.000 Euro.

·        Skatteattest skal ligge ved søknaden.

·        For å få stønad må verksemdene vere registrert før 12. mars 2020 og ikkje vere under konkursbehandling eller avvikling.

·        Vidare må verksemder drive lovleg og ha betalt skattar, avgifter og forskotstrekk. 

Søknadsfrist: 1. mai 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen