(Du er ikke pålogget) 
 

Større idrettsarrangement

Opprett ny søknad på støtteordning

Formålet med ordninga er å stimulere organisasjonar til å arrangere større idrettsarrangement i Møre og Romsdal. Tildelinga skal gå til større meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Ramma for ordninga er 300 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Idrettsorganisasjonar som arrangere større meisterskap eller cup på nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Ikkje-kommersielle, økonomisk ansvarlege arrangørar i Møre og Romsdal

Kva kan du søke tilskot til?

  • Kostnadar til å gjennomføre arrangement innan idrett på nasjonalt eller internasjonalt nivå.
  • Nødvendig arrangementsteknisk utstyr kan inngå i søknaden. Anleggs- og utstyrstilpassing som er nødvendig for tildeling av arrangement kan leggast inn i kostnadene.

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

Tilskot til trussamfunn, politisk verksemd, humanitær verksemd, organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar, organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser blir ikkje prioritert.

Søknadsfrist

25. mai

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 13. april, 6 veker før søknadsfristen 25. mai. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør og arrangement, org. nr og arrangøren sin kontaktperson
  • Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale/anlegg og kommune)
  • Oversikt over medverkande lag, organisasjonar og andre frivillige
  • Konkret beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar og samarbeidspartar
  • Beskrive medie- og marknadsføringsplaner for arrangementet, og korleis ei støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil bli tydeleggjort
  • Kostnads- og finansieringsplan på arrangementet. Dugnaden skal være så spesifisert som mogleg i form av kva som vert gjort på frivillig basis. Dugnadsinnsats kan leggjast inn som ein del av finansieringa med ein timesats på maks 300 kroner.

Vilkår for tilskot:

Sjå vedlagte vilkår nedst på nettsida på mrfylke.no (lenke opnast i ny fane), under «Dokumenter».

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen