(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder - runde 2

Opprett ny søknad på støtteordning

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet

Målet med tilskotet er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal også fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særlig stønad som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging, stønad til verksemder innanfor reiseliv, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike årsaker fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast stønad til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdssarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2020/2021. 

Kriteriar:
- verksemda har hatt omsetningssvikt i 2020 og/eller 2021 som følgje av nasjonale eller lokale smitteverntiltak og/eller grunna pandemien.
- verksemda har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane

Søkjar må gjere greie for omsetnadssvikt (tal), kva dette dette har/har hatt å seie for drifta (konsekvensar), og kva søkt tilskot vil kunne bidra til.

Stønaden vert gjeven som bagatellmessig stønad. Søkjar må difor opplyse om annan offentleg stønad som er motteke i 2019, 2020 og 2021, og om denne støtta er gjeven som bagatellmessig stønad.
Ein må søkje gjennom
www.regionalforvaltning.no
Søknadsfrist er 18. mai 2021.

Søknadane vert handsama av formannskapet i Modalen kommune 01.06.21.
ved spørsmål, ta kontakt med ass. rådmann Ove Sæbø, e-post: 
ove.sebo@modalen.kommune.no, tlf. 92 22 55 62

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen