(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Bømlo - 1og2

Bømlo kommune har fått tildelt kr  1 671 252,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien. Dette gjeld særleg stønad som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som fylgje av stenging og smittevern.
  • Reiseliv-, arrangement- og serveringsnæringar vil særleg verta prioritert - Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet kan søkje.
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 200 000.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

Korleis søkje:

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no  Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Bømlo»

Dokumentasjon på tap/kostnadar skal leggast ved søknaden.

Vurdering av søknadar
Atheno vil på vegne av Bømlo kommune handsama søknadane og gje ei tilråding. Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur vil gjera endeleg vedtak. 

Søknadsfrist

Siste frist for innsending av søknad er 25. mai.  

Kontaktperson
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Reidun Rykkje i Atheno. Tlf 91745102 eller epost: 
reidun@atheno.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen