(Du er ikke pålogget) 
 

Austevoll kommune - Kompensasjonsordning til lokale verksemder 2021 (Covid-19)

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING TIL LOKALE VERKSEMDER – Austevoll kommune

Austevoll kommune har gjennom Kommunal og Moderniseringsdepartementet fått tildelt kr. 841 118  til ei kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder.

PRIORITERING AV SØKNADER
Austevoll kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstigning. Verksemder innanfor reiseliv-, arrangements- og servicenæringane, vinterdestinasjonar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar vil bli prioritert.

Ein tek atterhald om ev. endringar i samband med politisk handsaming.

REGELVERK FOR BEHANDLING
Søknadene vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentleg støtte. Tilskotet vert gjeve som “bagatellmessig støtte”, noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentleg tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.

NETTSØKNAD
Søknad skal sendast på www.regionalforvaltning.no med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har kome utanfor dei statlege kompensasjonsordningane.  Ein må synleggjere tal på permitterte og omsetningssvikt i 2020/2021 i forhold til 2019. I tillegg skal ein opplyse om det er mottatt offentleg støtte tidlegare.

SØKNADSFRIST
Søknadsfrist 30. april 2021

TILDELING
Det er formannskapet i Austevoll som gjer endeleg tildeling av tilskotet.
Ref sak 024/21 i Austevoll formannskap

UTBETALING AV TILSKOTET
Tilskotet vert i hovudsak utbetalt så snart som mogeleg etter tildelinga frå formannskapet er klart.   

KONTAKTINFORMASJON
For ytterlegare informasjon og rettleiing kan søkjarar kontakte:

Thomas M. Larsen: tml@austevoll.kommune.no

Øystein Træland: oystein.treland@austevoll.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen