(Du er ikke pålogget) 
 

Lokal kompensasjonsordning - Skjåk kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Skjåk kommune har fått tildelt tilsaman kr 500.000 i kompensasjonsmidlar frå staten.

Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak og nedstenging, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Fordelinga er basert på arbeidsledigheit og innbyggjartal, der kr 250.000 er minstesatsen ein kommune kan få. Kommunen har fått tildelt 250.000 to gonger, tilsaman 500.000,-. Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruke tilskotet på tiltak for lokale bedrifter som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale bedrifter sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar. Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, og autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som har hatt omsetningssvikt i 2021 på grunn av pandemien.
Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva for verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.
Støtta til bedrifter må vere i tråd med regelverket om offentleg støtte (bagatellmessig støtte er mest aktuelt).

 

Skjåk kommune har vedteke følgjande retningsliner for bruk av lokale kompensasjonmidlar:

Målet for ordninga er å kompensere bedrifter som har hatt betydeleg omsetningstap på grunn av korona, men som har falt utanfor andre kompensasjonsordningar.
Bedrifta skal ha forretningsadresse i Skjåk.

Alle må søkje gjennom regionalforvaltning.no

I søknaden skal desse punkta dokumenterast:
At verksemda skal heilt eller delvis ha falle utanfor andre kompensasjonsordningar, og kvifor.

At verksemda har hatt omsetningssvikt som følgje av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i perioden frå 12.mars 2020 og fram til 10. april 2021.

Om verksemdene har motteke bagatellmessig støtte dei tre siste regnskapsåra.

Skjåk kommune har fått eit svært avgrensa beløp til fordeling og det kan bli naudsynt med ei prioritering ut ifrå skjønn av søknadane. Det er ikkje gjeve at alle verksemder som søkjer kan få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/ meirutgifter blir dekt fullt ut.

Ordninga er tillitsbasert. Det skal ikkje vere naudsynt å legge fram detaljert økonomisk informasjon til
kommunen i denne søknaden, ei grov oversikt held. Det er søkjar sitt ansvar at opplysningane
stemmer.
Opplysningane vil bli journalførte og er offentlege. Bedrifter som nærmar seg konkurs eller liknande,
vil ikkje motta støtte.

Søknadsfrist: 15.mai 2021
Formannskapet skal fordele tilskotet.

Ekstra midlar, ut over dei kr. 250 000, kan vurderast til fellestiltak for reiselivet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen