(Du er ikke pålogget) 
 

Vestnes kommune - Kommunalt næringsfond

 

Støtte frå næringsfondet 2022 - søknadsfrist 12.09.2022

Kven kan få tilskott 

Frå fondet kan kommunen gje støtte til bedriftsretta tiltak; maskiner og utstyr til produksjon, produktutvikling, marknadsføring, opplæring m.m. Hovudregelen er at ein kan få dekt inntil 50 %, men med øvre grense kr 150.000. Det vil i hovudsak ikkje bli gitt støtte til rullande materiell (bilar etc.), kontorutstyr, handverktøy og ordinær drift.  

 

Slik søker du 

Søknaden skal innehalde: 

 
 
    • Ei beskriving av tiltaket det blir søkt om, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskottsordninga. 
    • Plan for gjennomføring, herunder aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar. 
    • Forventa resultat. 
    • Budsjett for prosjektet/tiltaket, herunder finansieringsplan. 
    • Søknadssum. 
    • Andre relevante opplysingar søkaren ser som viktige for søknaden og andre opplysingar som er spesifisert i kunngjeringa. 
 

Det kan gjevast støtte til bedrifter, nyetablerarar eller samarbeid mellom bedrifter.

 Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Bedrifter skal legge ved siste årsregnskap og Enkeltpersonføretak skal legge siste skattemelding ved søknaden. 

Søkeren skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har motteke offentleg støtte og eventuelt etter kva for bestemming, det inneverande året og dei to siste reknskapsåra. 
Søknad om støtte og ev. lån med kapitalbehov som overstig summane ovanfor skal skje til Innovasjon Norge.

  

Avgrensingar 

Ein kan som hovudregel ikkje gi støtte til bedrifter, nystarta eller eksisterande, som vidarefører aktiviteter til verksemder som nyleg har gått konkurs, nyleg er nedlagt eller selt. Det vert ikkje gitt støtte til investeringar som alt er gjort, men til det som ligg fram i tid.

  

Kontaktpersoner 

Sentraladministrasjon: Hilde Rekdal, økonomirådgjevar  

Mobil: 90618142  

epost: hilde.rekdal2@vestnes.kommune.no 

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen