(Du er ikke pålogget) 
 

Kompensasjonsordning for kriseråka verksemder i Gulen kommune

Gulen kommune er tildelt 500 000 kroner frå staten til kompensasjonsordning for kriseråka verksemder i kommunen. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og å kompensere verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle nasjonale kompensasjonsordningane.

Her fylgjer dei lokale retningslinene, som seinast vart justerte av formannskapet i sak 49/21, med nokre justeringar i samband med søknadshandsaming 2. juli 2021: 

  1. Verksemda må ha forretningskontor i Gulen kommune.
  2. Verksemda kan ikkje ha fått tildeling frå nasjonal ordning.
  3. Verksemda må søkje gjennom regionalforvaltning.no
  4. Verksemda kan søkje om kompensasjon for naudsynte utgifter for å hindre spreiing av covid 19. Utgiftene må dokumenterast med bilag og skildring av årsakssamanheng til covid-19 pandemien, eller
  5. Verksemda kan påvise omsetningsfall på grunn av pandemien. Omsetningsfallet må dokumenterast med omsetning for same periode i eit normalår. For nye verksemder vil omsetningsfallet kunne dokumenterast med budsjett saman med godt grunngjevne berekningar for forventa omsetning. Dokumentasjon må godkjennast av rekneskapsførar eller revisor. Utan godkjenning kan avkorting av kompensasjonssum bli vurdert.
  6. Verksemda kan ikkje ha motteke støtte frå andre offentlege kompensasjonsordningar. Dette må dokumenterast i søknaden. Verksemda skal ikkje ha vore i økonomiske vanskar per 31.12.19. Eigenerklæring må fyllast ut i søknadsskjema.
  7. Maksimal støtte til den einskilde verksemd er avgrensa til totalt kr. 50 000,- for kvar kunngjeringsperiode vedkomande lokal kompensasjonsordning for kriseråka verksemder i Gulen kommune
  8. Søknadsfrist for juni og juli 2021 er sett til 13. august i 2021. Vilkår og prioriteringar vil kunne bli justert og sett ut i frå storleiken på tildelt kompensasjonsbeløp opp mot tal på søknadar og korleis eksisterande vilkår ser ut til å treffe dei kriseråka verksemdene i kommunen.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen