(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder - Covid19 -II

Opprett ny søknad på støtteordning

Det vert lagt følgjande kriterier og rammer  til grunn for tildeling av tilskot etter kommunal kompensasjonsordning for Covid19:

Mål:

Tysnes kommune har som mål at kompensasjonsordninga skal avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som har tapt omsetnad og/eller hatt særlege kostnader som følgje av pandemien og lokale eller nasjonale smittetiltak.

Omfang og ramme:

  • Økonomisk ramme er kr. 250.000,-

Kven kan søkje?

  • Ordninga omfattar verksemder som utfører verksemda si i Tysnes kommune. I tillegg kan destinasjonsselskap og tilsvarande fellesorganisasjonar for reiselivsnæringa søkje med bakgrunn i kostnader som lokale verksemder i Tysnes kommune har knytt til deira aktivitet.
  • Lokale verksemder som har falle heilt, eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særskilte kostnader som følgje av pandemien.
  • Tilskot vert tildelt etter ei heilskapsvurdering og vil ikkje verta detaljert ned til spesifikke kostnader.
  • Reiseliv-, arrangement- og serveringsnæringar vert særskilt prioritert, men også andre bransjar kan fremja grunngjeven søknad.
  • Tilskot skal gjevast innanfor ordninga med bagatellmessig støtte.

 

Prosess:

  • Ordninga vert kunngjort gjennom Bladet Tysnes med utfyllande informasjon på kommunen sin nettstad.
  • Søknader skal fremjast og handsamast gjennom regionalforvaltning.no
  • Søknadsfrist vert sett til 23. august 2021, eventuelle resttildelingar må skje før 1. november 2021.
  • Formannskapet gjer endeleg vedtak om støtte.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen