(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune - Kommunalt næringsfond

Alver kommune vil bidra til nyskaping og næringsvekst gjennom stimulering av eksisterande verksemder og arbeidsplassutvikling. Det ligg kr. 700 000 i fondet med søknadsfrist 1. oktober. 

Du kan lese meir om målsettinga for næringsfondet i fondsvedtektene.

Trykk her for å sjå vedtektene.

Kven kan søkje?

Næringsfondet kan nyttast både til tiltak for verksemder og til tilretteleggande næringstiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar, til dømes:

  • Føretak med forretningsadresse i Alver kommune
  • Samarbeidstiltak med lokale føretak
  • FOU-aktørar i samarbeid med lokale føretak
  • Kommunale næringsutviklingsprosjekt
  • Næringsutvikling i landbruket som ikkje får stønad frå landbrukets vanlege stønadsorgan

Verksemder som treng å ta eit nytt steg etter oppstartsfasen, eller etablerte verksemder som treng hjelp til å realisere eit nytt marknadspotensiale eller internasjonalt vekstpotensial vil vere prioritert.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen