(Du er ikke pålogget) 
 

Kulturrabatt for ungdom

Opprett ny søknad på støtteordning

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker gjennom denne tilskotsordninga å bidra til å legge til rette for og stimulere til at ungdom i alderen 15–20 år busett i Møre og Romsdal skal få kjennskap til eit bredt kultur- og idrettstilbod, til ein lågare pris ved å bruke kulturrabatten.

Frå 2021 vil ordninga Kulturrabatt for ungdom også gjelde utvalde arrangørar/aktørar innanfor idrett.

Kulturrabatt gir ungdom i alderen 15–20 år rabatt på billett hos ulike kultur- og idrettsarrangement og aktivitetar som fylkeskommunen har gitt tilskot til. Møre og Romsdal fylkeskommune refunderer ein rabatt tilsvarande 25 prosent per billett. Minimumsprisen på ein billett er 100 kroner for å delta i ordninga. For festivalpass refunderast 20 prosent, inntil 400 kroner. Arrangøren kan i tillegg, på eige initiativ, gi vidare rabatt som arrangøren sjølv tek økonomisk ansvar for. Rabatten er personleg, og kan ikkje bli brukt til grupper som for eksempel skuleklassar. Den som bruker rabatten skal vise legitimasjon i døra.

Kven kan søke?

Arrangørar av kulturarrangement i Møre og Romsdal. Det blir vektlagt at tilskota blir fordelt med omsyn til type arrangement og geografi.

Merk at det i 2021 og i 2022 ikkje blir mogleg å søke om å bli med som arrangørar av idrettsarrangement og aktivitetar i Møre og Romsdal. 2021 og 2022 vil vere år der berre utvalde idrettsarrangørar er med gjennom ei prøveordning.

Kva kan du søke tilskot til?

Alle kulturarrangement der arrangør gir ein rabatt på 25 prosent eller inntil 400 kroner per billett til ungdom mellom 15–20 år. Det gis ikkje rabatt til sesongkort.

Søknadsfrist

15. januar

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. november, i god tid før søknadsfristen 15. januar. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør, kontaktperson, adresse og organisasjonsnummer
  • Kontonummer
  • Type arrangement/aktivitet
  • Billettpris for ungdom i alderen 15–20 år og rabatt på billetten
  • Søknadssum basert på eit estimat av selde billettar for 2022 for ungdom i alderen 15–20 år
  • Beskrive korleis du vil marknadsføre Kulturrabatt for ungdom i dykkar drift

Vilkår for tilskot

Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding om de får tildeling eller ikkje. Tildelingsbrevet gir opplysningar om eventuelt tildelt maksimal sum for rabattar som fylkeskommunen refunderer, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.

Det oppmodast til å gi rabatt gjennom digitalt billettsystem for å nå ut til flest mogleg ungdom. For arrangørar må det sendast inn spesifisert rapport over selde billettar/rabattar gitt per type arrangement/aktivitet (vedlegg til tildelingsbrev) samt billettpris. For heilårsdrift skal det sendes inn rapportering 1. august og 1. februar. For sesongbasert drift og for enkeltarrangement sendast rapport innan tre veker etter sesongen/arrangementet er avslutta.

Møre og Romsdal fylkeskommune sender informasjonsmateriell på oppmoding. Arrangøren pliktar å synleggjere dette, blant anna i billettluke og ved annonsering av arrangement. Marknadsføring utover dette er arrangøren sitt ansvar. Arrangøren skal sende inn trykt materiell og/eller vise til nettside saman med refusjonskravet.

Ved rapportering, dersom verksemda er omfatta av kompensasjonsordninga for meirverdiavgift (mva.) er det alltid beløp utan mva. som er grunnlag for tilskot. Følg denne lenka for å sjå ei oversikt over dei som er med i ordninga i dag. DU finn oversikta nedst på sida.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen