(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning runde 4

Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder (tildelingsrunde 4) – Gulen kommune.

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) fylgjer opp budsjettvedtaket frå Stortinget 18. juni 2021, Innst. 600 S (2020-2021), og tildeler midlar frå den gjenverende ramma, over kap. 553, post 68 (ny) kommunal kompensasjonsordning for lokale virksomheter.

Målet med ordninga og tilskotet er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot.
Tildelinga skal sikre likviditet i verksemdene, og dempe dei økonomiske konsekvensane av covid-19 pandemien ved at verksemdene får dekka dokumenterte meirkostnadar/tap som fylgje av smitteverntiltak og nedstengning.

Kommunen har fridom til å tilpasse kva verksemder som får tilskot, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetnad.

Gulen kommune har fått tildelt kr. 972.000,-. Midlane må vere fordelt innen 31.12.2021.

 

Tildelingskriterie :

  • Verksemdene må ha forretningskontor i Gulen kommune
  • Tap av omsetnad som fylgje av Covid-19 pandemien
  • Auka kostnadar som fylgje av tiltak for å unngå smittespreiing

 

Korleis skal ein søkje?

Søknader skal sendes inn gjennom departementet si elektroniske forvaltningsportal, 
regionalforvaltning.no.

Søkjer skal oppgje

  • Kontaktopplysningar og opplysningar om verksemda.
  • Opplysning om tap eller ekstrakostnadar som fylgje av smitteverntiltak.
  • Opplysning om annan støtnad i samband med Covid-19

Dokumentasjon.

Utgiftene må dokumenterast med bilag og skildring av årsakssamanheng til covid-19 pandemien, eller at verksemda kan påvise omsetnadsfall på grunn av pandemien. Omsetnadsfallet må dokumenterast med omsetnad for same periode i eit normalår. For nye verksemder vil omsetnadsfallet kunne dokumenterast med budsjett saman med godt grunngjevne utrekningar for forventa omsetnad. Dokumentasjon må godkjennast av rekneskapsførar eller revisor. Utan godkjenning kan avkorting av kompensasjonssum bli vurdert.

Vurdering av søknadar

Det leggjast særleg vekt på årsakssamanheng til Covid-19 pandemien.

Kompensasjonen sin storleik

Dersom samla søknadsmasse overstig tilskotet frå staten, så vil beløp utover kr. 100.000,- bli forholdsmessig redusert.


Søknadsfrist.

Søknadsfrist er 15.12.2021.

Gulen kommune vil fordele tilskot etter ekstraordinært møte i formannskapet før jul.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen