(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning - Covid 19 - 4

Årdal kommune er tildelt kr. 1 641 000 til kommunal kompensasjonsordning. Formålet med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar i næringslivet. 

Tilskotet skal bidra til å sikre likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 pandemien. Det kan være tap av inntekt og auka kostnader som følge av covid-19 pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen. 

Årdal Utvikling har fått i oppgåve av Årdal kommune å stå for tildelinga av kompensasjonsmidlane.

Det vil vere verksemder innan reiselivs-, arrangements (turisme)- og serveringsnæringane som vert prioritert for tildeling, men andre verksemder som er ramma av pandemien kan og søke. I tillegg til reiselivsbedrifter vil bedrifter som har hatt store tap, men som ikkje har vorte prioritert i tidlegare tildelingsrundar kunne søke. Verksemder som har søknader der tiltaka som vert planlagde skal styrke og utvikle verksemda i kommande sesongar kan også få støtte.

Fellestiltak vil bli prioritert.

 Søknaden skal sendast elektronisk gjennom regionalforvaltning.no

Søknadsfrist: 15. desember

Verksemdene som søkjer må legge ved rekneskap for 2020. Det må også i søknaden takast med eit oversyn over det verksemda har fått løyvd av statlege kompensasjonsmidlar frå pandemien starta, tilsegn/utbetalingar frå Innovasjon Norge siste året, tilsegn frå tidlegare løyvingsrundar av koronamidlar og oversikt over evt andre tilskott mottekne i 2020 og 2021.

Dersom budsjettet ikkje er tilstrekkelig til å innfri alle søknadane, vil me gjere ein forholdsmessig reduksjon ift. kostander eller tap.

 For meir informasjon kontakt:

Trine Grøttebø tlf: 92 22 38 74 e-post: tg@ardal-utvikling.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen