(Du er ikke pålogget) 
 

Vår veke - Frivilligheita sitt år 2022

Opprett ny søknad på støtteordning

 

Vår veke - Frivilligheita sitt år 2022

 

Frivilligheita sitt år skal medverke til å vise kva frivilligheita betyr for Noreg. Vi skal fjerne barrierar som enkelte kan ha for deltaking i frivillig aktivitet, vi skal auke deltakinga, og synleggjere frivillig sektor sin betydning i samfunnet. “Vår veke”, i uke 23 2022, skal løfte fram frivilligheita i Møre og Romsdal, og bidra til markeringar over heile fylket.

Formål med tilskotsordninga:

Tiltaka som vert gjennomførte skal synleggjere den frivillige innsatsen i fylket vårt. Tiltaka som får støtte skal gjennomførast i veke 23 i 2022, 6.-12.juni.  

Kven kan søke?

Regionale/fylkesledd av frivillige organisasjonar i Møre og Romsdal

Kva kan ein søke støtte til?

Eksempel på arrangement ein kan søke støtte til er møteplassar, frivilligtorg og -dagar og rekrutteringsdagar. Det vil vere ein fordel om arrangementa er i samarbeid med ulike organisasjonar og/eller kommunen aktivitetane skal gjennomførast i. Dei regionale ledda bør òg involvere lokale ledd. Ei prioritert målgruppe skal vere barn og unge.

Tidspunkt for arrangement: veke 23, 2022

Støttenivå: Inntil 50 000 per arrangement eller aktivitet.

 

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidlar midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd

 

Søknadsfrist

07.02.2022

 

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15.12, i god tid før søknadsfristen 7.februar.  Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.

 

Vilkår for tilskot:

Sjå vedlagte vilkår nedst på sida, under «Dokumenter» eller følg denne linken https://mrfylke.no/vilkaar-for-kulturtilskot

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen