(Du er ikke pålogget) 
 

Regionale utviklingsprosjekt Hordaland

 

Midlar til unike regionale utviklingsprosjekt
Midlane skal gå til regionale utviklingsprosjekt der målet er å skape noko unikt for heile eller delar av fylket.
Det er ein føresetnad at prosjekta medverkar til å skape gode, attraktive og konkurransedyktige samfunn - lokalt som regionalt.
Hordaland fylkeskommune ønskjer saman med kommunane, næringslivet og andre utviklingsaktørar, å bidra til positiv regional utvikling.

Ein viser til sentrale utfordringar og mål innafor regional utvikling omhandla i sentrale planar på område som  Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017 

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2018 - 2019 (HNH) og Regional plan for attraktive senter i Hordaland 2015 – 2026

Ein rår søkjarar å legge desse dokumenta til grunn for utviklingsprosjekta.

 

Sjå utlysingstekst på http://www.hordaland.no/nn-NO/naringsutvikling/attraktive-regionale-senter/regionale-utviklingsprosjekt/

 

Formål og krav

Midlane skal gå til unike regionalke utviklingsprosjekt.  Det er ein føresetnad at prosjekta medverkar til å skape gode, attraktive og konkurransedyktige samfunn.

Midlane er primært tiltenkt investeringsformål og føreset at prosjekta er relativt godt utvikla og konkretiserte. Tiltak / prosjekt som er klare for oppstart i 2019 vil bli prioritert. 

  • Organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader, men for å sikre god lokal forankring må ordførar i den aktuelle kommunen stå som underskriver av søknaden. (Alternativt kan signert vedlegg om støtte og prioritering / prosjekteigar-/ medfinansiering- frå kommunen gjelde.)
  • Ein prioriterer prosjekt som er klar for realisering med ferdig forprosjekt.
  • Alternativt må planlegging av prosjekta vere avslutta seinast i løpet 2019 og ha oppstart i 2020. Det må synleggjerast at prosjekta er så modne at dette er realistisk.
  • Det blir stilt store krav til realismen i prosjekta og til framdriftsplanane.
  • Prosjekta må ha god lokal medfinansiering. Om dette ikkje er på plass ved innsending av søknaden, ber vi om at finansieringsplan blir ettersendt så snart som råd og før søknaden blir handsama.
  • Søknader må ikkje vere i strid med EØS-regelverket om statsstøtte. Mellom anna kan det ikkje bli gitt støtte til einskildbedrifter.

 Kontaktperson:
Ingeborg Sofie Sætrevik
ingeborg.sofie.saetrevik@hfk.no
Mob: 408 06 289

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen