(Du er ikke pålogget) 
 

Skjåk kommune- Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder- runde 6

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysning – kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder del 6 - Skjåk kommune.

Søknadsfristen er 30. januar 2022 kl. 23.59.

Skjåk kommune er tildelt kr. 419.000,-  til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 6. runde. Tildeling vi bli gjort av Formannskapet den 15.02.2022. 

Formålet med kompensasjonsordninga er å avhjelpe situasjonen i lokale verksemder som igjen er rammet av nye smittevernrestriksjonar som vart innført i siste kvartal av 2021. 

Bedrifter i desse bransjane vil bli prioritert:

  1. NACE-bransje 56.101 Drift av restaurrantar og kafear og NACE-bransje 55.101 Drift av hotell, pensjonat og motell med restaurant
  2.  Andre lokale serviceverksemder som kan dokumentere tap/auka kostnadar som flg. av dei nye smittevernrestriksjonar som vart innført siste kvartal 2021

 Kva kan dekkast innanfor ordninga?

  • Bedrifter med tap av omsetning/inntekt som følgje av covid-19-pandemien eller den påfølgjande økonomiske nedgangen i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019
  • Bedrifter med auka kostnadar som følgje av tiltak for å unngå spreiing av covid-19, og kostnadar direkte knytt til covid-19 lågkonjuktur i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019
  • Bedrifter som har tapt varer på grunn av covid-19-pandemien i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019
  • Nyetablerte som ikkje har samanlikningsgrunnlag i 2019 kan få dekka underskot i perioden 1. november – 31. desember. Det må sannsynleggjerast at tapa kjem som følgje av covid-19- pandemien.
Korleis blir tilskotet rekna ut?
  • Det kan gjevast inntil 100% kostnadsdekning. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg med midlar til å innvilge heile prosentsatsen vil tilskotet bli avkorta forhaldsmessig
  • Det blir sett eit maksbeløp på kr. 150 000 pr. bedrift
  • Dersom det blir att midlar etter fyrste utlysing vil midlane bli lyst ut att på nytt med januar februar 2022 som grunnlag.
Kven kan få tilskot?
  • Bedrifter innanfor kommunen (lokalisering/adresse) kan få tilskot. Dersom ei verksemd har filialar i andre kommunar må rekneskapane delast opp.
  • Bedrifter i kommunen som er eigde av føretak utanfor kommunen kan få tilskot
Kven kan ikkje få tilskot?
  • Bedrifter som er fullfinansierte eller får inntektene sine fastsette av offentleg sektor (t.d. barnehagar)
  • Friviljuge lag og foreiningar
  • Føretak som var i (økonomiske) vanskar pr. 31.12.19, bortsett frå små føretak og mikroføretak, dvs. dermed færre enn 50 tilsette og årleg omsetnad/balanserekneskap på maks 10 mill. Euro
  • Finanssektoren
Kva må søknaden innehalde?
  • Kort om bakgrunnen til at bedrifta søkjer om kompensasjon (legg inn som vedlegg i søknadsskjema)
  • Estimert tap / auka kostnadar. Heile summen kan førast inn som søknadsbeløp, inntil maksimumsbeløpet på kr. 150 000 pr. bedrift.
  • Rekneskap i perioden 1. november -31. desember 2021
  • Rekneskap i perioden 1. november – 31. desember 2019
  • Eventuelt dokumentasjon på tapte inntekter som kan dokumenterast (t.d. som følgje av avlyste arrangement etc.) eller dokumentasjon på tapt varelager
  • Eigenerklæring (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)
  • Informasjon om tidlegare mottatt offentleg støtte (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)

Alle søknadar må sendast inn via www.regionalforvaltning.no

Feilaktige opplysningar kan føre til at deler eller heile kompensasjonen blir inndratt. Spørsmål rettast
til næringssjef Marianne Stensgård i Skjåk kommune, marianne.stensgard@skjaak.kommune.no/90941702.

Støtteordninga er utlyst med atterhald om at det kan kome endringar i retningslinjene. 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen