(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning del 1 2022, Modalen kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Modalen kommune – kommunal kompensasjonsordning del 1 2022

Det er no råd å søkje kompensasjonsmidlar frå Modalen kommune. Modalen kommune har fått tildelt kr. 255 000,- i statlege midlar som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

 

Mål for ordninga

Tildelinga skal sikre likviditet i verksemder, samt dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 pandemien. Målet er at likviditeten skal betrast for det lokale næringslivet og at verksemdene får dekka dokumenterte meirkostnadar og/eller dokumenterte tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Slik skal ordninga bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er ramma av pandemien.

 

Kven kan søkje?

Kommunen har fridom til å å tilpasse kva verksemder som skal få støtte, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetnad. Modalen kommune vel i denne runden å fordele midlane til verksemder som kan dokumentere tapte inntekter og/eller økte kostnadar i perioden november 2021 til og med januar 2022. Utifrå det totale talet søknadar vil kommunen gjere vedtak om tildeling(ar). Kommunen vil prioritere verksemder som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga.

 

Krav til søknad

Søknaden må registrerast og sendast gjennom www.regionalforvaltning.no 

Følgjande må opplysast om:

1. Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer.
2. Informasjon om økonomi; tapte inntekter og/eller meirkostnadar.
3. Kort grunngjeving for søknaden.
4. Informasjon om evt. anna offentleg stønad som verksemda har søkt og/eller motteke.

Verksemder må opplyse om dei er del av konsern (søknadar til andre kommunar).

 

Sakshandsaming

Modalen kommune handsamar innkomne søknadar i etterkant av søknadsfrist. Formannskapet gjer vedtak om tildelingar. Kommunal stønad til verksemder vert gjeve i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Dersom du ynskjer ytterlegare opplysningar eller har spørsmål – ta gjerne kontakt med ass. rådmann Ove Sæbø (ove.sebo@modalen.kommune.no / tlf. 92 22 55 62).

 

Søknadsfrist: tysdag 25. januar 2022.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen